Dei ønskjer seg tilbake til eit lokale på kaien i Vikevåg sentrum. Enn så lenge må Rennesøy kystlag klare seg i klubblokalet på Håvastein, omtrent så langt frå sjøen det er mulig å kome på denne kanten av Rennesøy.

Når ein kjem inn porten osar det likevel av kystkultur. Øyposten var med på ein klubbkveld.

Mest motorar

– Me driv 99 prosent med motorar. Det blir litt mykje bare skruing, seier Stig Bru.

Stig Bru viser ein gammal Sabb-motor, ein blant mange motorar. Foto: Sigbjørn Høidalen

Klubbkveldane kvar måndag startar med kaffi og kjeks og ein prat om kva som er nytt i bygda. Etter eit kvarter eller tre går dei inn på verkstaden og samlar seg kring ein motor. I lokalet har dei mellom 40 og 50 motorar og det meste som trengst av verktøy og røyr, ventilar, dyser, pakningar, kraner, kablar og klemmer for å få ting i orden.

– Det er mange måtar å drive eit kystlag. Utsira kystlag har mest damer som blant anna held på med kystmat, seier Magne Helland.

Magne Helland held noko som kunne vore Bibelen, men som er Dieselboken. Ved sidan av sit Christoffer Østebø frå Talgje. Foto: Sigbjørn Høidalen

Viken kystlag har innvia ein badstovebåt, les me i Kysten, medlemsbladet for Rennesøy kystlag og dei andre laga tilslutta Forbundet Kysten. Nei, det hadde ikkje vore så lett å sjøsette ein badstovebåt på jordene kring klubbhuset på Håvastein.

Tragiske forlis

Mykje av det praktiske arbeidet i Rennesøy kystlag handlar om å pusse og skru på gamle båtmotorar. Men det sit mykje historie i veggene. Under taket heng båten som var involvert i den tragiske drukningsulykka på Galta våren 1922.

Båten som heng øvst gøymer på ei dramatisk historie frå Galta under ein storm i 1922. Foto: Sigbjørn Høidalen

To hummarfiskarar, far og son, omkom.

«Hvorledes ulykken har foregaat, vet man ikke. Man gjetter paa at et undervandsskjær tæt ved under den urolige sjø har hvælvet baaten, og at begge to er faldt i vandet.» skreiv Stavanger Aftenblad 10. mai 1922.

Lagsleiar Jon Tore Helland hentar fram ein gammal redningsvest frå ei krå.

Jon Tore Helland med redningsvest etter forliset til DS Sandeid i 1951. Foto: Sigbjørn Høidalen

– Den dreiv i land etter forliset til ruteskipet Sandeid, fortel Helland.

Sandeid forliste i uvær på Mastrafjorden utanfor Låder i desember 1951. Åtte menneske omkom. Å sokne etter skipet er ein annan ting kystlaget kunne ha drive med, kjem det fram.

Hus for handa

Rennesøy kystlag i samarbeid med Rennesøy historielag ønskjer seg inn i det såkalla MC-huset på kaien i Vikevåg.

– Me likar heller å kalle det Kaihuset. Det var opphavleg eit ekspedisjonsbygg for varer som kom sjøvegen, fortel Magne Helland.

At Kaihuset blei MC-huset seier kan hende noko om kystkulturens abdikasjon? Kystlaget meiner likevel det er betre håp enn på lenge for å få eit lokale meir sentralt i Vikevåg og ikkje minst nærare sjøen.

– Kjem me inn i Kaihuset blir me meir synlege, og eg trur det blir lettare å få til rekruttering og meir varierte aktivitetar, seier Jon Tore Helland.

I tillegg til å vere leiar i laget er han nevøen til Magne, jobbar med brønnsørvis i oljeindustrien og har skøyta MS Hulda i Vikevåg.

Rapp 14 hestar

Enn så lenge handlar det mest om motorar. Karane samlast rundt ein Rapp 14 hestar som har stått i ei lita skøyte.

Stig Bru (t.v.) og Bernt Tunge spekulerer på korleis dei skal gripe an ein Rapp-motor. Foto: Sigbjørn Høidalen

Her blir dei ikkje ferdige på ein kveld. Det er mykje som må pussast og ordnast før dei i det heile teke kan tenke på å få liv i mekanikken.

Dei har på seg gummihanskar.

– Me har ikkje innlagt vatn, så me får ikkje vaska oss. Me har med kaffivatn òg, fortel Stig Bru.

Så er det slutt på praten og tid for å finne ut kor dei skal starte å skru.

Klenodium frå Finnøy: Ein av dei kring 150 motorane som Ragnvald Mjølsnes bygde på Reilstad i perioden 1930 til 1939. Merk tennpluggen på sida, som var ei uortodoks plassering. Foto: Sigbjørn Høidalen