Det vil sei at siste basar var 1. mai 2019.

Basaren har på mange måtar blitt eit sikkert vårteikn i Finnøy, og er ein viktig del av kulturlivet.

Kulturelt innslag

– Med så lange tradisjonar som basaren har i Finnøy, er det mange som saknar den. Nå er me endeleg klare til å ta fatt på nytt etter ei litt laber tid for laget. I dagane før basaren vil representantar i styret selja lodd på Coop og KIWI, seier Sverre Jan Reilstad, mangeårig medlem i Helselaget.

Lokalhistorikar Gunnar Skadberg skal fortelja historia om jentene på Flatholmen, kven dei var og kor dei blei av. Det er sikkert fleire som har høyrt om den tragiske ulykka ved Flatholmen fyr utanfor Tananger i 1894.

Reilstad lovar eit bugnande gåvebord med mange flotte gevinstar, samt enkel servering.

Basaren brukar vanlegvis å innkassera rundt 30 - 35 000 kroner til Helselaget.