Uroa for nedgangen i talet på tomatbønder

Jon Olav Runestad (60) ser utfordringar for tomatmiljøet viss fleire tomatbønder forsvinn.

Brørne Jon Olav (t.v.) og Ståle Runestad sjekkar nokre snack-tomatar i pakkeriet til Ryfylke Tomat SA på Fogn.
Publisert:

Då Tomatfestivalen såg dagens lys for nøyaktig 20 år sidan var det kring 60 tomatprodusentar i Finnøy og Rennesøy, anslår tomatbonde Jon Olav Runestad. I dag er det litt i overkant av 20 tilbake, altså ned mot ein tredjedel.

– Eg ser utfordringar framover viss det blir berre nokre få veldig store aktørar att, seier Runestad.

Politisk godvilje

Jon Olav overtok tomatproduksjonen etter faren Jone Runestad i 1985. Han er i dag ein av seks produsentar på Fogn som leverer tomatar til det lokale fellespakkeriet Ryfylke Tomat SA.

I tillegg til å drive med drivhus har Jon Olav alltid likt organisasjonslivet, og i 18 år var han kulturansvarleg for tomat i Gartnerhallen.

– At gartneria blir stadig større og stadig færre er naturleg i ein bransje som ikkje er regulert slik som til dømes gris, høns og kylling. Store gartneri er ikkje avhengige av støtteordningar, men bransjen er nok avhengig av eit tollvern. Då er me igjen avhengige av politisk godvilje, seier Runestad:

– Viss utviklinga går i retning fleire gigantveksthus i sentrale strøk, trur eg det kan svekke den politiske statusen til næringa.

Treng modernisering

Runestad etterlyser støtteordningar for modernisering av tomatnæringa:

– Nå er det eit fåtal produsentar som tar sats og vågar å satse, men mange er avventande, og då seier utviklinga seg sjølv. Mitt eige gartneri er ikkje avleggs, men heller ikkje hypermoderne, så eg ser heilt klart utfordringane.

Han var i fjor den første på Fogn som la inn kunstige ledlys, som han seier har auka avlinga med 30 prosent. Broren Ståle Runestad planlegg å gjere det same i sitt gartneri i år.

Jon Olav Runestad seier at på Ryfylkeøyane så samarbeider store og mindre leverandørar godt. Då Øyposten var innom fellespakkeriet på Fogn i helga, var det òg god stemning med omsyn til tomatåret.

Ein god sesong

– Me har hatt ein god sesong så langt, seier Ståle Runestad:

– I mai og juni hadde me mykje sol og nordleg vind, det vil seie sol og ikkje for varmt, som er ideelt for oss. Då hadde me rekordavlingar.

Salet i butikkane har òg vore bra. Kundane vil ha norske tomatar. Ein trend er at folk vil ha meir store tomatar, sidan dei er rimelegare, og at butikkane ikkje vil ha så mange sortiment, får me vite.

All nedbøren som har kome i Sør-Norge gir òg utsikter til lågare straumpris. Ståle Runestad er likevel irritert over at straumprisen i Rogaland og Agder for tida er tre gonger høgare enn lengre nord på Vestlandet og Austlandet, på grunn av kraftkablane til Europa.

Går via Østhusvik

Pakkeriet på Fogn har fått solceller på taket som skal dekke vel halve straumforbruket gjennom sommaren.

Ståle (t.v.) og Jon Olav Runestad utanfor pakkeriet der dei har fått solceller på sørsida av taket.

Prisen på propangass er ein usikkerheitsfaktor, særleg som følgje av krigen i Ukraina. Gassen kjem på bilar frå Kårstø. Brørne Runestad er likevel optimistar for prisbildet gjennom hausten og vinteren.

Frå desember til februar let dei uansett drivhusa få ei pause.

Gjennom toppsesongen frå mai til oktober går det fem eller seks vogntog i veka med tomatar frå Fogn. Dei går vidare til Ryfylke Fellespakkeri i Østhusvik for ompakking, der stort sett all tomat frå Finnøy og Rennesøy er innom.

Publisert: