Ein sjølvlærd trollmann med lakk

Traktorar, bilar, båtar, kjøkkenskuffer og -skap og pyntegjenstandar. Det finst ikkje den ting som Olav Hadland ikkje kan sjaina opp i lakkhallen til Hesby Auto.

Restaureringa av denne traktoren er det Olav Hadland som er meister for.
Publisert:

FINNØY: -Det meste av det eg har vore borti, tek eg bilete av, seier Olav Hadland til Øyposten.

Han viser biletet av ein stygt smadra glasfiberbåt, som fekk eit ublidt møte med ein grunnestake. Baugen var bortimot fullstendig ramponert.

-Korleis kan eg få til å fiksa denne, tenkte eg. Men så kom eg på at eg kunne bruka fugeskum, og laga ei form, som eg kunne støypa ny baug etter. Det gjekk heilt fint, forklarer Hadland, og viser resultatet: Ein blank og blenkjande båt som ser ut som om han er ny.

Lakk i alle variantar finst i verkstaden til Olav Hadland i Hesby Auto.

Lakkar det meste

Olav Hadland begynte i verkstaden til Hesby Auto, men etter kort tid gjekk han over til lakkering. Kunsten å lakkera har han lært seg sjølv gjennom 25 års erfaring, og nå har han ein moderne of fullt utstyrt lakkeringsverkstad til sin disposisjon.

-Eg har alltid likt å pussa opp ting, og lakkerer det meste. Pyntegjenstandar, dører, bilar og trakorar, seier lakkeringsmeisteren hos Hesby Auto, og fortel om ein kjenning som skulle selja huset sitt.

-Meglaren meinte han burde skifta kjøkken, men han kom til meg i staden. Eg lakkerte frontane på skuffer og skap, det blei kjempefint, meglaren blei storvegs imponert og huset blei seld, seier Hadland med eit smil.

Nylakkert panser til traktor.

Vurderer å utvida

Nå vurderer han å utvida verksemda frå bilar og traktorar til også å ta interiør-oppdrag som kjøknar og dører.

Hadland viser bilete av ulike oppdrag han har hatt fingrane borti. Blenkjande traktorpanser, bensintankar til motorsyklar, nylakka dører. I verkstadhallen står panseret og skjermane til ein Massey Ferguson 35 som han held på med akkurat nå.

Reparasjon av båtar høyrer også med. Her måtte det støypast ny baug.
Det ferdige meisterverket.

Han held dessutan på med traktoren til den nyleg avgådde «sjefen» på Hesby Auto, Andreas Hesby. Det er også ein Massey Ferguson, nærare bestemt ein 148, som snart er slik i pussen at han med godt samvit kan køyrast først i 17. mai-toget på øya.

Motoren er skifta, og kroppen og felgane er nydeleg grålakkert. På panseret er det brukt djupraud klarlakk.

For å finna den rette fargen, til dømes på ein bil, brukar han ein scanner.

-Men i tillegg er det erfaring, då blir det bra, fastslår Olav Hadland.

Panseret til ein Massey 35 under arbeid.