Pensjonistane får sin eigen handledag på Coop’en på Judaberg

Nytilsett leiar på Coop Extra, Per Ove Rosland, set av ein eigen handledag til pensjonistane som er medlem i Coop Finnøy, og slår til med 10 prosent rabatt på handelen.

Nye leiar på Coop Judaberg, Per Ove Rosland, slår eit slag for pensjonistane, og dedikerer ein eigen handelsdag.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:

FINNØY: Pensjonisthandel, merk deg namnet.

Tysdag 13. desember mellom klokka 11.00 og 14.00 er Coop’en er avsett til pensjonistane.

Ikkje berre får dei rabatt på handelen, men Rosland lover kaffi og julekake i tillegg.

Tradisjonen tek han med seg frå sin tidlegare arbeidsplass, Coop på Klepp.

– Dette er ein svært populær aktivitet i butikken på Klepp som eg har lyst føra vidare i Finnøy. Håpet er at me skal klara gjera pensjonisthandel til ein årviss tradisjon. Pensjonistane er ei trufast kundegruppe som fortener litt ekstra oppmerksomhet. Dessutan tenkjer eg at dette er ein fin anledning for meg som er ny i butikken til å kjent med pensjonistkundane våre, seier Rosland til Øyposten.

VIP-vibber

I tillegg til billegare varer og servering i det aktuelle tidsrommet, får pensjonistane også sin eigen kasse til å betale dei rabatterte varene i. Her snakkar me om skikkeleg VIP-behandling.

– Eg trur dette blir ein kjekk start på jula for pensjonistane.

– Det kan ikkje vera særleg økonomi i dette i dette tiltaket?

– Nei, det er ikkje profitten som er drivkrafta. Eigentleg gir me vekk varene for bruttofortenesten er hardt pressa i utgangspunktet. Med 10 prosent rabatt og tre prosent kjøpeutbyte, blir det vanskeleg å finna billegare varer i andre butikkar desse tre timane, understrekar Per Ove Rosland.