Kyrkjene på Talgje og Sjernarøy stenges etter påske

Det er innvendig oppgradering som er årsaka.

Kyrkja skal få nytt elektrisk anlegg, nytt tak og ny utvendig kledning. Foto: Arkiv.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel

FINNØY:

Sjølv om kyrkjene skal stengast i seks veker, skal det likevel arrangerast konfirmasjonar i begge kyrkjene 8.mai.,

Arbeidet er rekna å ta seks veker.

Øyposten har fleire gonger tidlegare skrive om forfallet i middelalderkyrkjene i kommunedelen.

Til saman skal dei rehabiliterast for rundt 350 millioner kroner, inkludert domkyrkja i byen.

På Talgje skal stolane skiftast ut og røyr-omnane under stolane skal bytast ut med benkevarmarar.

Utskiftinga av varmeomnar og store deler av el-anlegget er kostnadsrekna til rundt 550 000 kroner utan moms. Stavanger kirkelige fellesråd foretar utskifting av stolane som kostar 270 000 kroner. Riskantikvaren gir 200 000 kroner i tilskot for utskifting av varmeomnane.

I kyrkja på Sjernarøy blir det og nye varmeomnar. I tillegg skal ein god del av det elektriske anlegget skiftast, samt nytt el-skap skal på plass. Prisen på dette arbeidet er rekna til rundt 600 000 kroner totalt. Frå riksantikavren kjem eit tilskot til utskifting av omnane på 170 000 kroner utan moms.

Parallelt startar det utvendige arbeidet på Sjernarøy kyrkje med å skifta kledningen og delar av taket.

 

                            

 

                              

Publisert: