Klar for verdscup på skøyter i Stavanger

I dag braker det laus med verdscup på skøyter i Sørmarka Arena i Stavanger. Dei lokale håpa Marit Fjellanger Bøhm og Peder Kongshaug, med fleire, er med.

Peder Kongshaug frå Stavanger deltar på verdscupen i helga.|Sverre Lunde Pedersen gjer eit etterlengta comeback denne helga, skriv Norges skøyteforbund.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

STAVANGER:

Det er første gang siden 2017 at verdenscupen blir halde i Stavanger. Startskotet går i ettermiddag og arrangementet varer til søndag 21. november.,

Det blir mange norske høgdepunkt i løpet av helga, skriv Norges skøyteforbund i ei pressemelding.

I god form

Håvard Lorentzen med fleire, er først ut i dag på 1000m. Håvard viste god framgang under verdscupen i Polen førre helg med ein 10. plass, skriv Norges skøyteforbund i pressemeldinga.

Seinare i dag skal Ragne Wiklund frå Aktiv SK gå 5000m. Ragne sikra seg ein sterk 4. plass i Polen, og er i god form før verdscupen på heimebane.

På lørdag kan du sjå både Sigurd Henriksen (17) som skal debutera på 10.000m, samt Sverre Lunde Pedersen som gjer comeback etter ei sykkelulykke i mai. I tillegg kjem verdsrekordhaldar Nils van der Poel.

Seinare på lørdag blir det enda meir action når Team Sprint skal til pers. Dei norske stiller med lag både for menn og kvinner. Her får me sjå blant anna Marte Furnee som debuterer i verdenscupen. Team Sprint-øvelsen i Stavanger blir avgjerande for å kvalifisera seg til VM på Hamar i mars 2022, står det i pressemeldinga.

Søndag er det klart for mellomdistanseløparane, fire menn i a-gruppa på 1500m, med heimehåpet Peder Kongshaug i spissen, og ikkje minst verdsmeister Ragne Wiklund som skal forsvara dei norske fargane.

 Sverre Lunde Pedersen gjer eit etterlengta comeback denne helga, skriv Norges skøyteforbund.

Norske deltakarar:

Kvinner: Marit Fjellanger Bøhm, Stavanger Sandnes SK, Ragne Wiklund, Aktiv SK, Julie Nistad Samsonsen, Fana IL, Sofie Karoline Haugen, Sandefjord SK, Martine Ripsrud, Stange Spk, Marte B. Furnee, Asker SK.

Menn: Peder Kongshaug, Stavanger Sandnes SK, Allan Dahl Johansson, Aktiv SK, Pål Myren Kristensen, Arendal SK, Kristian G. Ulekleiv, Gjøvik SK, Henrik Fagerli Rukke, Hol IL, Håvard Holmefjord Lorentzen, Fana IL, Hallgeir Engebråten, Nord-Odal IL, Sander Eitrem, Nord-Odal IL, Bjørn Magnussen, Spk. Falken, Odin By Farstad, Spk. Falken, Sigurd Henriksen, Fana IL, Sverre Lunde Pedersen, Fana IL.

Du kan følga med på startlister og resultat her.

Publisert: