Illustrasjonsbilde.

FUGLEINFLUENSA:

Det er påvist høgpatogen fugleinfluensa hos ei vill knopp-svane i Ringerike kommune i Viken. Det skriv Mattilsynet i ei pressemelding fredag.,

For å hindre smittespreiing er det difor innført eit nytt portforbod for fjørfe og andre fuglar i fangenskap, i Ringerike, Modum, Hole, Jevnaker, Lier, Gran og Søndre Land.

Frå før er det innført portforbod i heile 15 kommunar i Rogaland, blant anna i Stavanger, etter det siste utbrotet av fugleinfluensa på Klepp.

Lik virustype som i Rogaland

I dei nye tilfella er det snakk om same virustype, høgpatogen fugleinfluensa (H5N1), som nyleg blei påvist i to kommersielle fjørfehald og på villfugl i Rogaland.

Arvestoffet til viruset undersøkes nå nærmare for å finna ut meir om opprinnelsen til viruset. Det forsøkes å finne ut om det har same opprinnelse som virusene som er påvist i Rogaland.

Det er viktig at alle som har fjørfe og andre fuglar i fangenskap har låg terskel for å melde frå til Mattilsynet ved mistanke om fugleinfluensa, understrekes det i pressemeldinga.

– Godt smittevern hos alle som har fjørfe og andre fuglar i fangenskap er helt avgjerande for å hindre smitte frå ville til tamme fuglar, seier Astri Ham, som er avdelingssjef i avdeling Nordre Buskerud, Hadeland og Valdres.

Godt smittevern

Nå er det obligatorisk å registrera hobbyfjørfehold i området kor portforbodet gjeld.

– Det er også forbode å halde markeder, skuer, utstillinger eller kulturelle arrangement der fjørfe eller andre fuglar i fangenskap samles i desse kommunene, seier Ham.

Tegn på fugleinfluensa er auka dødelighet, nedsett fôr- og vannopptak, samt nedsett produksjon.

Fugleinfluensaviruset kan spre seg frå ville fuglar til tamme fuglar, og smittar lett mellom fuglar, blant anna via avføring og dråpesmitte. Men risikoen for at det skal smitte til mennesker vurderes som svært låg av Folkehelseinstituttet.

Høgpatogen fugleinfluensa blei påvist hos ville fuglar i Norge for første gang, hausten 2020. Siden den gang har det blitt påvist høypatogen fugleinfluensa hos fleire ville fuglar i landet.