Fogn vann kampen og tapte tittelen

Ikkje sidan nabo-oppgjeret mellom Finnøy og Fogn i 1998, har det vore fleire tilskodarar på stadion på Fogn enn på dagens botnoppgjer i 7.divisjon mellom Fogn og Sviland.

  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel

FOGN

: Kampen sto om den lite flaterande tittelen, Rogalands dårlegaste A-lag. Med 5- 1 siger til heimelaget fekk Fogn kvitta seg med merkelappen med god margin.,

- Me er sjølvsagt særs godt nøgd i dag. Fogn vant kampen og Sviland tittelen, smiler to-måls scorar Anders Ronæss Hansen

Aftenbladet, som sende kampen live, skal ha mykje av æra for den folkefesten dette blei. Med avisa si stemningsfulle framstilling av øysamfunnet, spelarar og trenar i forkant, var det mange som vanlegvis ikkje går på fotballkampar, som i dag møtte fram.

Meir enn 7000 fekk med seg duellen på aftenbladet.no si direkte kampsending. Vanlegvis ligg sjåar- tala mellom 4000 og 5000 når avisa sender fotballkampar på direkten.

- Så dette er ny rekord?

- Nja, det kan eg ikkje sei sikkert, men uansett er dette utruleg bra, seier Stig Nilssen, som kommenterte kampen saman med kollega Kjetil Flygind.

Reint sportsleg var kampen både god og velspelt, og truleg ein av dei aller beste kampane Fogn har spelt. Dette blei ein meir jamspelt kamp, enn resultatet viser. Spelerane var ikkje i tvil om at det var direktesendinga som trigga til ekstra innsats og godt spel. Det blei til og med føreslått for Aftenbladet om kjøp av rettigheiter til Fogn sine framtidige kampar.

For Fogn scora Ivar Opsal 1 mål, og Jørgen Bø og Anders Ronæss Hansen 2 mål kvar. For Sviland scora Stig Gjesdal.

Her kan du lesa Aftenbladet sin dom om dagens kamp.