Det skulle bare ei kort rådslaging til i komiteen, før kåringa var klar. Det kreative innslaget med å ro frå Helgøysund til Forasundet var ein klar favoritt. Det er ein ikkje heilt liten distanse, men Johanna Hidle frå Nord-Hidle rodde han utan å kasta jakka før ho var framme.,

-Det er den gamle robåten til farfar min, Jon Hidle. I denne rodde han frå Hidle til ungdomsstemne på Jelsa, opplyser Johanna Hidle til Øyposten.

Også Birger Hetland og familien hala sigeren i land for beste innslag i kjøretør-kortesjen. Her var både traktor og tilhengar stasa opp med flagg og vimplar og pynta med bjørkegreiner. Birger sjølv sat bak rattet med familien som passasjerar.

Oppslutninga om feiringa på Sjernarøy overgjekk alle forventningar til leiaren i 17. mai-komiteen, Anna Lena Nedrebø.

-Folk har tatt ansvar og har stilt opp. Det har gått veldig fint å organisera feiringa, seier Nedrebø.

Kjøretøytoget starta frå ferjekaien på Helgøy så snart ferja frå Nord-Hidle hadde slept i land dei som kom derifrå.Turen gjekk deretter over øyane før den enda på ferjekaien igjen. Mange hadde lagt stor innsats i å pynta kjøretøya for turen, og i spissen for kortesjen var det bilhengar med høgtalarar og full musikk. Alle bruene var pynta med flagg og bjørkegreiner, og langs ruta hadde folk møtt fram for å helsa med viftande flagg og hurrarop når følget passerte.

Konnvoien av båtar på sjøen var liten, men viste likevel godt igjen med Rødne sin "Rygerkatt" i spissen. Dei to opptoga passerte kvarandre med fløyting og tuting då dei kryssa høgbrua mellom Eriksholmen og Aubø samtidig. Totalt deltok 33 kjøretøy og 8 båtar i årets 17. mai-markering i Sjernarøyane.