Tveit søkte om å få utvida skuletilbudet med 15 studieplassar innan akvakultur frå hausten av. Men fylkespolitikarane minus Fremskrittspartiet seier nei. Også fylkesrådmannen var skeptisk. Fylkesrådmann Inge Smith Dokken viser til ut frå årets søkartal har anbefalt å leggja ned ein av tre klassar in nan akvakultur ved Strand vidaregåande.,

Tilbudet av læreplassar er heller ikkje så stort at det tåler ei utviding av kapasiteten på denne utdanningsvegen, meiner fylkesrådmannen.

Då saka var oppe i opplæringsutvalet tysdag blei det kort og godt slått fast i vedtaket at:

"Rogaland fylkeskommune kan ikke med dagens tilgang til læreplasser innen akvakultur gå god for opprettelse av skoleplasser."