Ole Johannes Landsnes ved Helgøysund Fiskesenter tok i helgen mot de første fisketuristene i år.

SJERNARØY: Han fylgjer nøye med på koronasituasjonen i verda, spesielt Tyskland. Nedstigninga av landet har allereie påført han store økonomiske tap.,

Ole Johannes Landsnes driv Helgøysund Fiskesenter. Ifrå landet stengte ned 12. mars og fram til byrjinga av juli, har han ikkje hatt ein einaste fisketurist ved senteret sitt på Helgøy. Ei tid på året som til vanleg er fullbooka.

- Dei månadane har kosta meg dyrt, rundt rekna 300 000 kroner. Dei siste turistane reiste med ferja til Hirtshals berre minuttar før landet stengde ned, det var merkelege greier, fortel Landsnes.

Men så lenge Tyskland er grønt, er Landsnes happy.

- Ja, i og med at alle gjestene våre er ifrå Tyskland, er me prisgitt situasjonen i landet. Det betyr at viss Tyskland blir raudt, går det direkte ut over drifta vår. Eg merkar at gjestene har blitt meir skeptiske. Me har langt færre bestillingar til neste i år, enn det som var tilfellet på same tid i fjor. Viss denne situasjonen blir langvarig kan det få alvorlege konsekvensar for oss. Drifta ved senteret er hovudnæringa vår, så me er avhengige av at den er stabil og forutsigbar. Heldigvis er det slik at gjestene på mange måtar er i karantene når dei kjem hit. Smittefaren er minimal med tanke på at dei bur i eigne hytter, og at det er få eller ingen samlingsplassar utanfor senteret. Slik sett er det liten risiko å ta ved å reisa hit.

- Kva med resten av sesongen?

- Slett ikkje verst. Ifrå no og framover til midten av oktober er ordrebøkene så godt som fulle, mellom 85 og 95 prosent belegg. Til og med november og desember, ser ganske bra ut. Det skuldast fyrst og fremst at mange av dei som ikkje kom i vår, kjem no i haust i staden, opp imot 40 prosent, fortel Landsnes.