For sjeldan har det vore mindre utskiftingar i hovudstyret og undergruppene på eit årsmøte enn akkurat dette året. Det etter ein periode der særleg leiaren Bendik Hegglund har hausta mange lovord frå sentrale personar i idrettslaget for sin måte å leia laget på. Og ikkje minst for å binda dei ulike gruppen og avdelingane saman på ein framifrå måte.,- Ja, me har vore bevisst på at me også skal ha det hyggeleg i dei ulike styra og utvalga i laget. Difor har me både hatt såkalla "teambuilding" samlingar og andre sosiale aktivitetar for at dei tillitsvalgte skal føla at me også har det kjekt i idrettslaget vårt, seier Hegglund som også betegnar den økonomiske situasjonen i laget som solid trass i store investeringar i nytt klubbhus. Desse forholda har også resultert i ein langt breiare aktivitetstilbod i laget, der også nye medlemer har kome til. Ikkje minst har aktivitetsgruppa i laget vore ein pådrivar med å dra i gong nye aktivitestilbod i Fleirbrukshallen, både for born og vaksne. Men framleis er det naturleg nok fotballen som dominerer aktiviteten i laget.,

Det nye hovudstyret i laget fekk fylgjande samansetjing:

,Leiar:                       Bendik Hegglund

Aktivitetsgruppa:

Netsleiar:                 Even Isachsen                          Leiar:           Liv Drange BråthenLeiar fotball:    Leiar Fotball:           Erik Torger Flesjå-Johansen    Medlem:       Trygve Spanne,Medlemsansvarleg: Monica Puntervold                   Medlem:       Arild Flesjå,Økonomiansvarleg: Mari Berge                               Medlem:       Anita Corneliussen,Dugnadsansvarleg: Kristine Flatebø                        Medlem:       Tor Eggebø,Klubbhusansvarleg: Karina Eike                              Medlem:        Ingrid Michelle Landa,Nettstideansvarleg: Charles Nærland Olsen           Medlem:         Lawrence Falkeid,Medlem:        Reidun Johanne Alstveit

Fotballstyre:                                                           Revisorar:

Leiar:                  Erik Torger Flesjå-Johansen        Magne Kongsvik og Tore Ladstein

Nestleiar:           Asjen Mensink,Baneansvarleg: Mariusz Bartosewicz,Medlem:            Sture Guttormsen