Leiar i Finnøy og Rennesøy landbrukstenester Arne Madland.

FINNØY-RENNESØY:

Det er dagleg leiar i Finnøy og Rennesøy landbrukstenester, Arne Madland, som kjem med denne sterke oppfordringa i samband med den utfordrande situasjonen som både jordbruks- og gartnerinæringa nå står i, etter at grensekontrollen blei ytterlegare innskjerpa i samband med å gi opphaldsløyve for dei mange sesongarbeidarne som heile den norske landbruks- og gartnerinæringa har behov for.,

Sit fast i Kristiansand

-Eg har nå personleg ein person som sit i Kristiansand i påvente om å få reisa vidare hit til Finnøy for å hjelpa til med lamminga og våronna, slik han har også har gjort i mange år tidlegare. men diverre er det slik at regelverket har vore uklart, og det innrømmer også dei i grenseskontrollen som eg er i kontakt med. Det medfører at dette då blir tolka ulikt å så gjer det seg utslag i at også enkelte faktisk blir avvist. Så eg bed innstendig om at grensekontrollen utviser ei viss forståing for dette, og ser at her ligg det eit ærleg oppdrag for eit ærleg menneske bak som er beden om å kma hit til landet av oss for å gjera ein jobb. Det har vore frustrerande til sine tider, seier Madland som likevel vil rosa Arbeidstilsynet for ein grei og konstuktiv dialog under i heile denne utfordrande situsasjonen.

-Det mest utfordrande er dei stadige endringane som kjem i regelverket for å gi eit slikt innreiseløyve. Men det positive nå er at ein kan kontrollera dette opp mot bonden elelr gartnaren sin sine søknader om produksjonstilskot. Det gir ein garanti for at folk ikkje kjem inn i landte på falske papir,undertrekar Madland.

Etterlyser ikkje  pensjonistane ennå

I det store Miljøgartneriet på Jæren, har hovudaksjonær Kåre Wiig annonsert etter penjonistar som kan gjera jobben med å plukka tomatar i plassen for ein del av dei mange sesongarbeidarane frå mellom anna Ukraina, som dei er så avhengig av. Og fleire har alt meldt seg til teneste og er tilsett.

-Eg kjenner ikkje til at situasjonen er slik i Finnøy og Rennesøy, utan eg av den grunn har den heile og fulle oversikten, seier Madland. Som dagleg leiar  Finnøy og Rennesøy Landbrukstenester har han til vanleg over 300 arbeidstakarar på si lønningsliste, og har såleis god oversikt over situasjonen til ei kvar tid. Han hjelper også svært ofte til med å skaffa både bønder og tomatgartnarar nødvendig arbeidskraft når det måtte vera  behov for det. Gjerne også på svært kort varsel. Så langt har dette i all hovudsak fungert, men Madland innrømmer at det akkurat i desse tider er ein svært utfordrande situasjon.