Torgeir Spanne.

FINNØY:

-Det blir fortalt at det var tre hjortar her på Spanne som var her i tre år før dei blei felte, fortel Torgeir Spanne til Øyposten.,

-Dei heldt seg visst stort sett i utmarka, og blei ikkje fleire. Truleg var det snakk om tre hinder (hodyr). Men til slutt blei dei så nærgåande at det blei bestemt å fella dei, og det var ei steik frå den siste hjorten som blei skoten som blei servert i barnedåpen min, seier Torgeir Spanne til Øyposten.

Ifylgje Spanne var historie om Spanne-hjortane noko som folk snakka mykje om lenge etterpå.

-Korleis smaka hjorten?

-Den var sikkert god, men eg veit ikkje om nokon som kan hugsa maten dei fekk i sin eigen barnedåp. Då må det vera snakk om vaksendåp, ler Spanne, som ikkje har sett noko til hjorten som nå har slått seg til på Finnøy.

-.Men naboen min, Kristian Spanne, har sett han frå stoveglaset. For nokre år sidan såg eg ein hjort som sprang rett framfor bilen min då eg kom køyrande ned frå Spanne. I ein sving lyste lyktene på bilen opp gjerdet langs vegen, og då hoppa han over og forsvant, seier Torgeir Spanne.