Det blir nye vekskter i beda på Judaberg sentrunm i år. Leiar i Hagelaget Rune Nåden Dyrstad og kona Dagrunn. Foto: Arkiv.

FINNØY:

Hagelaget fekk i fjor 30 000 kroner av Stavanger kommune til oppgradering av grøntareala på Judaberg. No er styret i dialog med fagfolk ifrå Park og Idrett i kommunen om å laga ein plan for dette arbeidet.,

- Me ynskjer å endra litt på beplantinga. I alle år har det vore mest sommarblomar i beda i sentrum, men det er krevjande med tanke på stell og spesielt vatning. No ser me føre oss ein meir heilårleg beplanting med fleire stauder, strå og steinar, som held seg fint resten av året også. I tillegg har me bestilt sjølvvatningssystem i det store bedet utanfor Byggmix. Det trur eg blir bra, og ikkje minst sparer det oss for mykje arbeid. Nyplanta vekstar er sårbare når dei er små og har mest ikkje har røter, seier leir i Hagelaget, Rune Nåden Dyrstad til Øyposten.

- Kva tid skal dette skje?

- Målet er å vera ferdig til 17. mai, men det er ikkje sikkert det går. Det avheng faktisk av kor raskt me får hjelpa ifrå kommunen, forte Nåden Dyrstad.