Det gjekk varmt for seg etter at Sven Foldøen hadde vore på talarstolen i Hausken kyrkje i Vikevåg.||Sven Foldøen

Av Birger Lindanger

RENNESØY:

Før 1906 var ikkje Norsk Luthersk Misjonsselskap – populært kalla «Kinamisjonen» - noka utfordring for «Prestamisjonen» eller NMS som den formelt heitte. Dette året var Sven Foldøen eller «Foldøyen», ein både legendarisk og kontroversiell predikant,  på offensiven med ei framgangsrik vekking på Talgje.  I tider då sjøen batt, var Hanasand ein del av Talgje sokn og fleire frå Hanasand tok turen over for å høyra på emissæren. Det gjekk ikkje likare enn at dei blei vekte og ville ha «Foldøyen» med seg over til Rennesøy for at dei der òg skulle få kjenna lukta av svovel.,

Seinvinters sette dei over frå Talgje i ei lita skøyte og i eit overhendig uvêr. At dei kom levande frå det, blei teke som eit teikn på at misjonsferda hadde noko for seg. Så starta Foldøyen arbeidet med å leggja under seg øyane ved Mastrafjorden. Han starta på Hanasand og arbeidde seg sørover mot Østhusvik og vestover mot Vikevåg. Han forkynte så det svei i ungdommane som etter ettermøta toga heim til ljomande song mellom bakkane.

Prestamisjonen mobiliserer

Men dei gamle prestamisjonsfolk gav seg ikkje utan kamp og tvinga gjennom ei folkerøysting for å hindra Foldøyen i å leiga skulehuset i Østhusvik. Men etter harde ryggtak med Gamle-Erik vann han seg eit bruhovud i ungdommane Karl og Gustav Sel. Med dei som krigarar sigra han i folkerøystinga og vann skulen for seg.

Sven Foldøen

Felttoget heldt fram med å vinna Tomas Mehus og Mikkel og Johan Hanasand over på si side. Etter å ha lagt under seg Innakleivs, rykka han fram mot Eidet der han fyrst erobra bygdepolitikaren Johannes Håvarstein for saka. Nå nærma han seg fiendens hovudkvarter, kyrkja og prestegarden. Johan Edvard Sverdrup var prest i bygda då, han hadde teke over etter broren Svend som i 1898 flytta til Haugesund. Johan Edvard blei rekna som ein fredsæl kar og ville gjerne vinna over Foldøyen med det gode.

Mot dommedag?

Difor slapp han kinaemissæren inn i det aller heilagste, i Hauskje kyrkje, og let han få tala der. Men det fekk han trega på! Sven Foldøen leverte ein tale der han gjekk til breitt åtak på presten og statskyrkja og provoserte både dei eldre i kyrkjelyden og presten sjølv. Turbulensen  som fylgde var så intens og forkynninga til Foldøyen oppfatta så kjettersk at somme meinte at det var eit varsel om dei siste tider og dommedag.

Det gjekk så heitt for seg, at Johannes Håvarstein skifta side og bad Børe Vik om å ta over for den omstridde emissæren, og det blei kalla inn til møte for å avgjera om ikkje Sven Foldøen burde nektast å forkynna meir. Frontane sto hardt mot kvarandre, men det enda med eit fleirtal for at Foldøyen måtte få halda fram. Og han vann då delar av familien til Børe Vik og mykje anna godtfolk med over til Kinamisjonen. Likevel var motstanden så sterk at vekkinga til Sven Foldøen i denne omgangen ebba ut. Men Foldøyen kom att - og att!