Arvid Nådland sjekkar ein gravstein som treng rettast opp på kyrkjegarden på Østhusvik.|Påfylling av jord er ein viktig del av jobbe. Her blir ujevnheter retta ut på ein av dei to kyrkjegardane på Askje.|Martin Eltarvåg skuflar sandblanda mold frå hengaren som skal brukast til å fylla i holer og søkk i kyrkjegarden på Askje.

RENNESØY:

Kyrkjegarden på Østhusvik ligg praktfullt til og godt synleg for alle som fer forbi i høyden over bygda.,

Arvid Nådland har hatt tilsynet med kyrkjegarden i 10 år, og legg mykje arbeid ned i å halda både denne og dei andre kyrkjegarande i kommunedelen i orden.

Steller 10 kyrkjegardar

-Ujevnhetene kan for eksempel oppstå når graver blir sletta. Me har som regel med ein tilhengar med mold som me kan fylla på med, for deretter å så i, seier han.

Påfylling av jord er ein viktig del av jobbe. Her blir ujevnheter retta ut på ein av dei to kyrkjegardane på Askje. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Saman med kollega Martin Eltarvåg har han 10 kyrkjegaradar på totalt 35 mål i Rennesøy kommunedel å halda i orden. Det er dei to gravplassar på Askje, den eine på Austre Åmøy, kyrkjegarden på Utstein Kloster, dei to i tilknytning til Hausken kyrkje på Rennesøy, dei tre ved Sørbø-kyrkja og gravplassen på Østhusvik.

I vintersesongen går mykje av arbeidet med til å fylles på jord og sjå etter gravstøtter, men om sommaren er det i tillegg grasklypping ein gong i veka og stell av nokre graver. Skeive gravstøtter er dei på vakt mot, for dei kan vera farlege viss ungar får dei over seg. Som regel blir det til at dei tek jobben med å retta dei opp sjølv.

-Strengt tatt er det ikkje vår jobb, men det kan vera enklare enn å prøva å få tak i pårørande som kan gjera det, seier han.

God standard i Rennesøy

Nådland vil gjerne at gravplassane i kommunedelen skal sjå fine ut.

-Eg likar å ha det slik, dessutan er det kjekkare å jobba med dette når det er i orden. Tilbakemeldingane er også gode, men med så mange berørt er det ikkje lett å gjera alle til lags. Men samanlikna med gravplassar eg har sett andre stader meiner eg dei ser fine ut hos oss, seier han.

Martin Eltarvåg skuflar sandblanda mold frå hengaren som skal brukast til å fylla i holer og søkk i kyrkjegarden på Askje. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

ifølge Arvid Nådland skal alle gravsteinar vera festa med to boltar og det er ikkje lov å bruka sement for å halda dei på plass. "Tomta" framfor kvar gravstein skal ikkje vera breiare enn steinen og ikkje stikka meir enn 60 centimeter ut frå steinen.

Ifølge Nådland er folk flinke til å stella gravane sine.

-Ja, det tykkjer eg. Det ser bra ut det aller meste, seier han.

Kommunedirektøren i Stavanger vil nå få vurdert om kommunen skal ta over stellet av kyrkjegardane. I dag blir utgiftene dekka av kommunen via  kyrkjeleg fellesråd i Stavanger.