Guttorm Gudmestad er leiar i Rennesøy Bondelag.

STAVANGER:

Onsdag snudde kommunen.,

Bondelaga i Rennesøy og Mosterøy har i ei felles fråsegn til kommunen peika på fleire ting som gjer at brenning framleis er den beste løysinga for bøndene.

I eit møte i Utvalg for Miljø og Utbygging (UMU) onsdag, blei det gjort fylgjande vedtak:

- For å kunne forvalte kulturlandskapet på en god måte unntas Finnøy og Rennesøy for reglene når det gjelder brenning av bråte eller brenning av kratt og greiner med mer i forbindelse med rydding av kulturlandskapet. Bøndene forplikter selv å melde ifra om dette til brannvesenet.

- Fornuften seira. Det er bra me blei høyrde på eit vedtak som opplevdes vanskeleg å etterkomma. Kommunen får kred for god handsaminga av denne saka, veldig bra, seier Guttorm Gudmestad på Hodne.

I tillegg ber UMU om eit ekstrapunkt og ber om ei sak som skisserer løysingar for ei betre ordning for avhending av landsbruksavfall. Næringa må kunne levera landbruksfolie og liknande utan å måtte reisa til Grønt punkt. Det skal og vurderast om det er mogleg med henteruter på ikkje landfaste øyar der næringa tilbyr rein vare og fulle lass.

Saka skal nå ut på høyring.