Last ned Trimpoengappen og opplev flott natur i nærområdet, eller i heile Rogaland. Foto: Ine Husebø.|Dette er ein av turane på Rennesøy som du vil finna i trimpoengappen. Foto: Stavanger kommune.

FINNØY:

I appen kan du velja mellom rundt 25 turar i Finnøy og Rennesøy, inkludert alle øyane, eller 140 turar i heile Rogaland.,

Trimpoengappen er open for påmelding, men den blir ikkje aktiv før 1.mars. Difor er heller ikkje alle detaljane på plass ennå, men det skal dei vera i god tid før oppstarten.

- For å vera med må du lasta ned trimpoengappen. Her får du forslag til mange forskjellige turar i regionen, samt omtale og nyttig informasjon om den enkelte turen, kart, kor den startar, kor du kan parkera eller kjøpa mat eller vanskelegheitsgrad. I appen blir alle turane dine registrert slik at du slepp å halda rede på det sjølv.

Dette er ein av turane på Rennesøy som du vil finna i trimpoengappen. Foto: Stavanger kommune.

Dei fleste turane er fjellturar, men det kan og vera andre turar, slik som til dømes Kulturstien på Bru. Så gjeld det å samla mest mogleg poeng i løpet av året, for når trimpoeng-året er omme nyttårsaftan 2021 klokka 2400, skal rekneskapen gjerast opp, og då gjeld det å ha mest mogleg poeng. Men det er ikkje berre talet på poeng som tel, deltaking er minst like viktig og vil gi uttelling, seier leiar i Frivillig sentralen Ragnhild Valand. Det blir premiering etter forskjellige kriterium, legg Jostein Gard til.

Slik gjer du for å komma i gang:

- Last ned trimpoengappen

- Registrer deg.

- Logg inn og vel konkurransen, Finnøy Topptur 2021

- Meld deg på. Vel turmål og sank poeng ifrå 1.mars.

Sjølv om dei fleste turane er toppturar, treng ein ikkje vera topptrent.

- På ingen måtte. Dette er eit opplegg som passar for heile familien, og som skal gjera det enkelt og inspirerande å komma seg ut på tur. Jostein Gard har utarbeida dei fleste turane i denne regionen og har lagt ned eit imponerande arbeid.

På sikt skal Jon Asgaut Flesjå arrangera gruppeturar rundt på dei forskjellige øyane med guide, det blir typisk sundagsturar. Her er det mykje kjekt å gleda seg. Det er berre å lasta ned appen no og finna fram turskoa. Dette er god folkehelse, avsluttar Ragnhild Valand.

https://www.oyposten.no/2020/12/06/sr-bank-gir-30-000-til-benker-ved-turvei-pa-osthusvik/