Det er sendt ut raudt farvarsel for Rogaland på grunn av ekstremværet "Didrik", og fylkesmannen har kalla inn alle kommnunane til telefonmøte i ettermiddag.,

I Vikevåg er Rolf Aarsheim spent på korleis natta bli.

-Eg kjem nok til å stå opp og sjekka, seier Aarsheim til Øyposten.

Han har bygd hus like i vannkanten, og sist stormflo i 1994 unngjekk han med eit naudskrik å få sjøen inn i huset.

-I natt blir det som det står i skrifta, våk og be, seier Årsvoll, som tilfeldigvis har besøk av gamlepresten i Rennesøy, Reimund Førsvoll.'

-Angrar du på at du bygde så nær sjøen?

-Nei, ein fin sommardag er her kjempefint. Men i dag hadde eg nok ikkje fått lov til å byggja så nær sjøen, seier Arsheim.

Erling Helland var ein av dei som såg om båten i Vikevåg.

-Eg må løysa fortøyniunga litt slik at han får meir slakk, seier Helland.

Vannstanden er venta å vera på det høgaste mellom klokka 2 og 3 natt til onsdag. Onsdag ettermiddag er også vannstanden høg, estimert til 60–70 centimeter over høgda tidevannstabellane. Vatnet står på det høgaste mellom klokka 13 og 15.

Det var liknande situasjonar både i 2017, 2013 og 2007, skriv fylkesmannen på si nettside.

Men denne gongen viser prognosane at det kan bli meir alvorleg.

– Nå har me hatt forholdsvis god tid til å førebu oss og redda unna ting. Me har varsla alle kommunane og bede dei gjera nødvendige tiltak, seier fylkesberedskapssjef Reidar Johnsen.

Dei som har båtar, naust og hus i sjøkanten må bu seg. Har du lause gjenstandar som ligg utsett til, er det lurt å sikra desse snarast.