|

Målet med besøket var å oppleva Rennesøy sitt bidrag til storsatsinga Utvalde kulturlandskap (UKL) som høyrer til garden til Gudmestad.,

Dei tilreisande fekk seg ein frisk tur i vakkert kulturlandskap frå garden på Hodne og opp til Rennesøyhodnet, 234 meter over havet. Her har Gudmestad restaurert ei såkalla bygdeborg som sto ferdig i fjor vår. Bygdeborga ligg som er eit vakkert monument på toppen, og er sjølve målet for mange turgåarar. Herifrå har ein fantastisk utsikt over byøyane og Stavanger i sør, og Ryfylke med fjordane i nord.

,-

Kva er motivasjonen din for å vera med på dette?

- Eg har mange gode minner frå bygdaborga då eg var liten og den framleis var i god stand. Dette er ein unik natur- og kulturskatt som eg tykkjer det er viktig at andre skal få ta del i. Å synleggjer det finaste naturen har å by, er viktig. Dessutan er eg oppteken av at folk skal få gode opplevingar når dei ferdast i naturen. Jo fleire som brukar området, jo større kunnskap får ein om området her, seier Gudmestad.

Utvalde kulturlandskap går ut på å ta vare på variasjonane i kulturlandskapet i jordbruket, det biologiske mangfoldet, kulturminner og kulturmiljø.

-  Å ta vare på natur- og kulturarven vår gjennom UKL krev eit aktivt jordbruk, og at bonden/grunneigar gjer dette frivillig, og ikkje minst at han ser verdien av å gjera desse unike landskapa tilgjengeleg for folket. Bønder som er med på dette arbeidet får tilskot gjennom landbruksmidlar, seier landbrukssjef i Rennesøy, Geir Helge Rygg.

,-

Kva er det som får riksantikvaren og hans folk til å komma til Rennesøy?

- Me er ute på ein turné i Rogland og då må me få med oss så mykje som mogleg. UKL-områda er ein viktig del av vårt arbeid, og då er det naturleg for oss å sjå på dei områda som er utvalde her i regionen. Det er jo svært imponerande det som har blitt gjort her, seier avdelingsdirektør hjå Riksantikvaren, Jostein Løvdahl.

Grunnleggande for val av UKL- områda er at dei i størst mogleg grad omfattar jordbrukslandskap med særs store biologiske og kulturhistoriske verdiar. I tillegg skal det vera ei forutsetning å få til langsiktig drift av områda, og at dei  ska vera utprega friluftsområde som byr på unike naturopplevingar.

- Satsinga er eit samarbeid mellom Miljødirektoratet, Riksantikvaren og regionale landbruks-natur- og kulturminneforvaltning. Utvalde kulturlandskapa utgjer eit eksklusivt nasjonalt utval, og representerer dei mest verdifulle kultur-og naturskattane i Norge, seier Nono Dimdy som er med ifrå Fylkesmannen.

Kvart fylke har minst eit område med status Utvalde kulturlandskap. Til saman finns det 46 forskjellige UKL-område over heile landet, og to av desse er i Rogaland. Eit i Rennesøy som består av tre ulike område, og eit i Suldal. Alle områda er i privat eige.

I Rennesøy er det området Hodne-Sel-Dale som dekker sør og austsida av Rennesøy, Førsvoll som ligg midt på, og Helland-Bø som ligg langs kysten på vestsida, og som går frå nord til sør. Alle områda har forskjellige eigenskapar, og er unike på kvar sitt vis.

I år er det 10 år sidan dei fyrste utvalde kulturlandskapa blei plukka ut her i landet. Regjeringa skal i løpet av året løyva 33 millionar kroner til dette prosjektet. Det er ein auke på 175 prosent på fire år. Samstundes er talet på utvalde kulturlandskap dobla.

Oddbjørg M. Måland