I dag vart den årlege Boknafesten, eventuelt Boknadagen arrangert. Ei rekke kjente og ukjente menneske kjempa seg gjennom kommunale vegar og fullførte Boknamarsjen. Etterpå vart det samling i matteltet med servering av både det eine og det andre. Om det andre påverka til at alle lodd til basaren vart utseld veit me ikkje, men stemninga var i alle fall upåklagelig. Basar, som jo som kjent er det kjekkaste i heile verda, er avslutninga på dagen. Ei mengd med premier og lukkelege menneske gjorde dette til dagens høgdepunkt. Alt i alt ein fest av dag, som med fordel kunne fått besøk av mange fleire.

Oddvar Vignes, sommarvikar.