Kunsthistorikar Arnhild Sunnanå viser ordførar Kari Nessa Nordtun rundt under åpninga av Håvarstein-utstillinga.|Kunsthistorikar Arnhild Sunnanå forklarar biletet "No kjem dei og tek deg, Lars", som er utslånt til utstillinga.|Varaordførar Dagny Sunnanå Hausken og ordførar Kari Nessa Nordtun var med på haustens første innbyggartreff i Vikevåg.

RENNESØY:

Både ordføraren og varaordførar Dagny Sunnanå Hausken gjorde stas på utstillinga ved å vera med på åpninga.,

Orførar Kari Nessa Nordtun trakk mellom anna fram Håvarstein si kjente og kjære skulptur "Sau og lam" som står på hjørnet mellom Østervåg og Klubbgata i Stavanger.

-Nokre meinte kanskje at skulpturen var litt malplassert der han stod midt i byen, men etter kommunesamanslåinga med Rennesøy og Finnøy, kor Stavanger er blitt ein av landets største landbrukskommunar, har skulpturen fått ny aktualitet, sa Nessa Nordtun, som la til at skulpturen er eit svært populært innslag i bybiletet og ein magnet for ungar.

Takka familien

Ordføraren var også full av takknemlighet for gåva frå Håvarstein-familien til kommunen, og som mykje av utstillinga i Innbyggertorget er henta frå.

Kunsthistorikar Arnhild Sunnanå forklarar biletet "No kjem dei og tek deg, Lars", som er utslånt til utstillinga. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Tittelen på utstillinga er "For naturen", og kunsthistorikar Arnhild Sunnanå, som har sett saman utstillinga, peika på at Håvarstein var ein engasjert kunstnar i si samtid. Omtanken for naturen skin igjennom i fleire av bileta hans, framheva ho, og viste til biletet "No kjem dei og tek deg, Lars", som er utlånt til utstillinga. Det blei laga i 1972, same året om Stavanger blei peika ut til å bli landets oljehovudstad, og eit år før Miljøverndepartementet blei oppretta.

-Her bryt han ut av sin lågmælte stil, og gir ein direkte kommentar til oljealderen, sa Sunnanå. Håvarstein deltok på Høstutstilling i 1973 med nettopp dette biletet.

Utstillinga i Innbyggertorget tel bare 16 arbeider av kunstnaren, men nå er det planar om å laga til ei utstilling av Rennesøy sin mest kjente kunstnar for eit større publikum i Stavanger.

Åpninga av Håvarstein-utstillinga markerte også åpninga av haustens innbyggartreff i det tidlegare kommunehuset. Tema for fredagens treff var Rennesøy sin plass i den nye storkommunen.

Skrytte av Rennesøy

Både ordførar Kari Nessa Nordtun og varaordførar Dagny Sunnanå Hausken la vekt på at Rennesøy spelar ei viktig rolle i den nye kommunen.

-Stavanger er ein fantastisk flott by, og har alltid vore byen for Rennesøy. Men det er Rennesøy som ligg mitt hjarta nærast. Eg er utruleg stolt av Rennesøy og det tenestilbudet og dei skulane me har. Skulane i Rennesøy har alltid hatt gode resultater, og dei scorar høgt på trivsel. Det har noko med miljøet her å gjera. Det blir sagt at det skal ein heil landsby til for å oppdra ein unge, det er det mykje i, sa Sunnanå Hausken.

Varaordførar Dagny Sunnanå Hausken og ordførar Kari Nessa Nordtun var med på haustens første innbyggartreff i Vikevåg. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Ho la også til at Stavanger kommune har ein del å læra av Rennesøy.

-Stavanger og Finnøy skal vera glad for at Rennesøy blei med i den nye kommunen, avslutta varaordføraren.