Brua til framtida

Det blir utvilsomt ein ny kvardag for dei vel 40 innbyggarane på Helgøy når den nye brua opnar på laurdag.

Desse to karane skal ha mykje av æra for at Helgøy bru endeleg er eit faktum. F. v: Brødrene Jon Arne Helgøy og Håkon Helgøy.
  • Oddbjørg M. Måland
Publisert: Publisert:

HELGØY: Det er usedvanleg roleg på den vesle øya tysdag ettermiddag. Det er ingen som stresser hit og dit for å få på plass dei siste tinga før den store dagen.

I havna har nettopp skuleskyssen klappa til kai, elevane er ferdige for dagen.

Rundt 100 millionar kroner har bruprosjektet kosta. Innbyggarane på øya har bidrege på ulike måtar.

Berre ein ting tyder på at store ting er på gang. For på kaia står ein 50 år gammal traktor, ein nyoppussa skinnande rein Massey 135 med hengar og norske flag.

Planlagt i 40 år


– Oppi der skal broder Håkon sitta. Når brua er erklært opna skal eg køyra traktoren over med han oppi. Eg må berre finna ein passande stol slik at han sitt trygt, forklarer Jon Arne Helgøy. Han held fram: Hadde det ikkje vore for Håkon hadde me nok ikkje hatt bru i dag. Eg trur ikkje det er feil å sei det slik. I to periodar sat han i fylkessamferdselsstyret og jobba med bruprosjektet. Han var med på å få det inn i Transportplan for Ryfylke i 1986.

– Eg kjem ikkje til å sitta oppi der åleine, som ein gallionsfigur. Det er mange gode krefter som har jobba saman om prosjektet, seier Håkon.

– Blant anna Ola Mosnes som er grunneigar på andre sida. Han har vore positiv frå fyrste stund. Hadde han sett seg på bakføtene hadde det ikkje hjelpt uansett kor mange talspersonar me hadde på fylket. Han fortener ein plass i hengaren, ler Jon Arne.

Endeleg isbil til Helgøy

Skuleborna hiv seg oppi i hengaren, og Jon Arne som er bestefar til dei fleste seg til rette i førarsetet.

– Eg må testa at alt virke til laurdag, seier han og køyrer av gårde. Igjen står Emma og Maren.

– Kva blir det kjekkaste med å få bru?

– Jentene har svaret klart; at isbilen kan komma heilt heim, den treng ikkje stoppa på Grønvik.

Traktoren er pynta til eit stort oppdrag. På laurdag skal den køyra fyrst over brua etter at fylkesordførar Marianne Chezak har klipt snora.

Frå laurdag av går Helgøy inni ei ny tid, og mange ting vil endra seg.

Historisk dag

– Det er heilt klart flest fordelar med å bli landfaste,ingen tvil om det, men det vil likevel vera ting me kjem til å sakna. Det unike samhaldet på øya til dømes. Me blir mindre avhengige av kvarandre. Til denne tid har me alltid samordna køyring og henting, men frå no av er det berre å setta seg i bilen og gjer det du skal når du vil. Også miljøet i havna vil i stor grad forsvinna. På motsatt side blir det ein ny vår for for næringa på øya. Fruktlevering er ikkje lenger avhengig av båttidene, det bli mindre planlegging og større fleksibilitet. Alt i alt er dette ein stor dag som me har gleda oss til i 40 år. Endeleg er me i mål, smiler brødrene Helgøy.

Det blir ei ny tid for det vesle samfunnet på øya. I 40 år har innbyggarane jobba for å bli landfaste, og no skjer det, endeleg. Laurdag klokka 1200 klipper fylkesordførar Marianne Chezak klipper snora og erklærer Helgøysund bru for opna.