Fotballbanen på Fogn blir campingplass
Men berre for èi natt. Frå fyrstkommande laurdag til sundag er det fritt fram for alle som vil å telta på fotballbanen.
- Oddbjørg Måland
FOGN: Den midlertidige campingplassen og arrangementet rundt, er eit ledd i markeringa av idrettslaget si 50 -årsmarkering. Den siste av fire sportslege markeringar fram mot sjølve jubileumsfesten 3.september.
Det betyr konkurranse i ulike øvelsar frå NRK sitt populære program Mesternes Mester. Her får deltakarane testa styrke, kondisjon, samarbeid og hjernetrim. Konkurransen er open for alle.
Mykje som skjer
Det blir i tillegg mange andre og fredelegare aktivietar utover dagen og kvelden. Blant anna skal grillane fyrast opp klokka 1800.
Tidlegare arrangement i jubileumsførebuinga har vore fellestur til dagsturhytta, vannsportdag og frisbeegolf.
Du kan lesa alt om arrangementet i helga på fogn.org.