"Jøsenfjord" i sine glansdagar. Biletet er henta frå heimesida til venneforeninga.

RYFYLKE:

For å sikra framdrift i arbeidet til neste år er ein million av beløpet sett av som tilsegn for 2023.,

- Med dette tilskottet er det grunn til å tru at me kan ta båten heim neste år, og gjera ferdig det som trengs. Det er i hovudsak nytt dekk i salongen, pluss diverse mindre ting, fortel leiar i Jøsenfjord Rutelag, Lars Randa.

Lang veg å gå

I sju år har den gamle rutebåten ligge i dokk ved Bredalshomlen fartøyvernsenter i Kristiansand. «Jøsenfjord» skal restaurerast tilbake til slik den var etter forlengelsen i 1962.

- Me visste det ville ta lang tid å få båten ferdig, men at det skulle ta så mange år, det kunne me aldri tenkt.

Rutelaget søkte om seks millionar kroner, men på grunn av mange søkarar blei beløpet halvvert.

- Innerst inne visste me at å få seks millionar var lite sannsynleg. Det er likevel svært bra det me fekk nå, så me klagar ikkje på det.

Tilskottet skal blant anna brukast til sandblåsing og maling av skroget, eit arbeid som er kostnadsrekna til rundt to millionar kroner.

Randa fortel at det så langt er det brukt om lag 30 millionar kroner på restaureringsarbeid.

- Eg trur me fort kan rekna med endå 15 millionar før me er i mål.

Turbåt

Det er Rogaland fylkeskommune, på vegne av riksantikvaren som løyvar pengene. Totalt kom det inn søknadar frå 19 fartøy i Rogaland, med ein samla søknadssum på vel 44 millionar kroner. Rogaland fylkeskommune blei tildelt ei ramme frå riksantikvaren på kr. 12 mill. i tilskot for 2022.

- Kva skal båten brukast til når den endeleg er ferdig?

- Det er eit spørsmål me så smått har byrja tenka på. Det må jo vera turar av ymse slag, selskapelegheiter, møter/konferansar og liknande. Eg vil tru mykje på same måte som Sandnes og Gamle Rogaland opererer, men i mindre skala. "Jøsenfjord" har plass til 100 personar, avsluttar Lars Randa.