Eitt år med gratis tunnel

1. juli i fjor blei ein merkedag i Finnøy. Etter å ha hatt landets dyraste tunnel i lang tid, var det ingen som såg denne komma. At betalinga i Finnfast skulle avsluttast tre år før tida.

Slik såg det ut ved tunnellen på Ladstein 1.juli i fjor. F.v: Tor Bernhard Harestad, Bertha Veggeberg, Roy Steffensen, Leif Arne Moi Nilsen og Jørn Kyle Finnesand.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:

FINNØY: Folk i Finnøy blei fullstendig tatt å på senga. Det blei jul og nyttår på ein gong. Ingen hadde tenkt tanken at tunnelen kunne bli gratis tre år før den er nedbetalt, og ei restgjeld på 130 millionar kroner.

Bommen sto i 4260 dagar.

30 prosent auke

Då klokka hadde passert midnatt natt til 1. juli i fjor hadde ein gjeng frå næringslivet samla seg på Ladstein for gjera litt stas på dei fyrste som køyrde gratis gjennom tunnelen. Dei overraska bilistane forstod ingenting då dei blei stoppa og overrekt hjartelege helsingar. Gjennom heile natta feira folk i Finnøy den store hendinga.

Dette er det største eg har opplevd i politikken. Dette har vist at ingenting umogleg og at alt går an. For ein månad sidan sa alle parti nei til fjerning av bompengar, og no står me her. Roy Steffensen, stortingsrepresentant.(klipp frå Øyposten i fjor)

Tal frå Statens vegvesen viser at trafikken i Finnfast har auka med 30 prosent det siste året. Akkurat som forventa.

Politisk siger

Det var i fjor sommar at nyheita om at Frp og regjeringspartia Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre hadde blitt einige om eit revidert budsjett på 750 millionar kroner. Pengane var øyremerka bompengeprosjekt, deriblant Finnfast. Umiddelbart heiv representantane på rogalandsbenken og lokale partifellar seg rundt, og klarte det som ingen trudde var mogleg; å avskaffa bommen i Finnfast tre år før den var nedbetalt.

– Frp fortener eit heilt drivhus av blomster for jobben dei har gjort med å fjerna bommen. Tenk at eit lite øysamfunn har blitt tilgodesett med 130 millionar kroner, det er fantastisk. Ingvar Landa, Ingvars Reiser (klipp frå Øyposten i fjor)

Nye kampar

– Det var ein fantastisk jobb som då blei gjort. Eg trur ikkje det er feil å sei at det er den største politiske sigeren for Frp lokalt, seier Tor Bernhard Harestad i dag. Han held fram: Me skal ikkje kvila for lenge på lauvbæra, for det står framleis eit par store kampar igjen. Den eine er å få på plass gang – og sykkelsti til Judaberg og den andre er straum-mastene. Det er ingen tvil om at straumen må leggast i kablar i sjøen og i bakken. Dette er saker som Frp skal kjempa for. Det som skjedde med Finnfast for eitt år sidan, viser at ingenting er umogleg, ein må berre ikkje gi opp, seier Harestad.

Karmøytunnelen eller T-forbindelsen på Haugalandet blei gratis same dag som Finnfast.