Det har vore kraftig auke i pipebrannar dei siste åra.

FINNØY-RENNESØY:

Sist veke var det pipebrann i eit hus på Fogn. Både det lokale brannvesenet på øya og brannmannskap frå Finnøy rykka ut. Brannen blei raskt sløkt, og det skal ikkje ha blitt gjort skader på huset som rutinemessig fekk fyringsforbud til eldstaden er nærare undersøkt.,

Også på Østhusvik måtte brannvesenet rykka ut på ein pipebrann denne veka. Brannen vart raskt sløkt av mannskaper frå det lokale brannvesenet, og heller ikkje her blei det gjort synlege skader på huset.

Sjølv om det er knallhøge straumprisar, og mange fyrer med ved, er det ikkje meldt om fleire pipebrannar for tida enn normalt i øyane. Men i Rogaland sett under eitt var det fleire pipebrannar i fjor enn åra før, nemleg 89 mot 80 dei to føregåande åra. Også statistikken for heile landet viser ein kraftig auke.

– I 2021 økte pipebranner med 38 prosent sett opp mot perioden 2016-2020. Det er en markant økning. Det kan skyldes at det i 2021 var flere kuldeperioder i løpet av året, dyrere strøm og at vi som følge av korona oppholdt oss mer hjemme, seier avdelingsdirektør Johan Marius Ly i Direktoratet for Samfunnsikkerhet og Beredskap i ei pressemelding.

Fyring med fuktig ved og liten trekk kan danna beksot i pipa. Dette kan føra til pipebrann.

– Piper er bygd for å kunne tåle en pipebrann og det er sjelden pipebranner sprer seg til bygningen. Oppdager du pipebrann skal du ringe brannvesenet på 110 og følg godt med til brannvesenet kommer, særlig på loft og ved etasjeskillere, heiter det i pressemeldinga.