Full stopp i betongarbeidet på sjukeheimen etter konkurs

Betongarbeidet på nybygget ved sjukeheimen har stoppa opp etter konkursen hos Kvia entreprenør. Det er for tida ingen byggeaktivitet i tomta.

Det er full stopp i arbeidet med betongarbeidet til sjukeheimen på Finnøy, etter konkursen i Kvia entreprenør.
Publisert:

FINNØY: Kvia Entreprenør ser seg nødt til å slå seg konkurs med ei gjeld på 82 millionar kroner, melder Aftenbladet. 32 tilsette misser jobbane sine.

Det var Kvia entreprenør som vann anbudet på betongarbeidet på nybygget til sjukeheimen på Finnøy, og det arbeidet er nå stoppa heilt opp.

-Det er ingen som jobbar der nå, opplyser direktør Leidulf Skjørestad i Stavanger kommune til Øyposten.

Han stadfestar at byggearbeidet som ein følge av konkursen kan bli forsinka, utan at han nå kan seia kor mykje.

Direktør Leidulf Skjørestad i Stavanger kommune.

-Det er klare formelle reglar når det gjeld konkursar, som kommunen vil forhalda seg til. Det blir bubestyraren si oppgåve å avklara kva som skal skje vidare, seier Skjørestad.

-Må betongarbeidet ut på nytt anbud?

-Det kan skje, men det er det for tidleg å seia noko om ennå, opplyser Leidulf Skjørestad, som legg til at han vil orientera dei folkevalde så snart det er blitt ei avklaring.

Han legg også til at konkursen er kjedeleg og trist både for firmaet og for dei tilsette som misser jobbane sine. Anbudet til Kvia på betongarbeidet var på 33 millionar kroner.