Så langt har ingen søkt.

På grunn av behov og ønskje frå ungdommen utvidar uklubben tilbodet med ein ekstra dag i veka, eit juniortilbod til elevar frå 5. – 7. klasse, i tillegg til laurdagsklubbar. Problemet er at leiar Santiago Arellano, ikkje får tak i folk som vil vera med å driva klubben.

Får hjelp frå Stavanger

Det er veldig kjekt at me opplever utvikling og vekst, men det er synd at ingen frå Finnøy har søkt på assistentstillinga. Faktisk er det ingen i det heile tatt som har søkt, fortel Arellano.

I løpet av januar var 193 ungdommar på klubb i Finnøy.

– Nyleg søkte kommunen etter assistentar til ungdomsklubbane i Stavanger. 27 personar søkte, men heller ikkje då var nokon av søkarane frå Finnøy eller Rennesøy.

Attpåklatt hadde sin fyrste laurdagsklubb sist laurdag. Rundt 40 ungdommar var innom. På grunn av mangel på lokale assistentar måtte Santiago henta inn hjelp frå Stavanger.

Etter lang tids leiting har ungdomsklubben endeleg fått sitt eige, permanente klubblokale. Om kort tid flytter dei inn i dei gamle lokala til Nav på Judaberg. For tida er dei i gang med oppussing, og målet er å komma inn i løpet av våren.

– Det er langt på veg ungdommane sjølve som utviklar og skaper fritidstilboda, og ettersom klubben vekst, treng me sårt ein fast assistent, fortel leiar Santiago Arellano.