Naturreservat forsinkar klargjering av Østhusvikvegen ytterlegare

Det er hensynet til naturreservatet ved Førsvollvatnet midt på heia på Rennesøy som forsinkar arbeidet endå ein gong.

Det dreg ut med klargjering av vegen over heia mellom Østhusvik og Vikevåg.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:

RENNESØY: Drift og vedlikehald i Rogaland fylkeskommune har gitt fleire tidspunkt for ferdigstilling av vegen mellom Østhusvik og Vikevåg.

Men kvar gong har det dukka opp ting som har skapt forsinkingar. Det siste tidspunktet som blei oppgitt var i siste halvdel av november. Det har vore fleire grunnar til forsinkingane, men nå er det utgreiing av naturreservatet ved Førsvollvatnet som gjer at vegen ikkje blir heilt ferdig. Dette er siste del av opprustinga av vegen som nå blir stoppa.

Anne Karin Gundersen er byggeleiar i fylkeskommunen og seier til Øyposten at ho ikkje sikkert kan seia kva tid vegen formelt vil bli ferdig.

– Nei, det er ikkje i våre hender lenger. Det er naturvitarar i kommunen og fylkeskommunen som nå vurderer kva som skal skje vidare. Det er strenge krav til bygging i verna område, difor må me venta på avklaring. Kor lang tid det vil ta er ikkje mulig å seia nå, opplyser Gundersen.