Kommunalt møte på Ørnareiret

– Me kunne ikkje vore heldigare med valg av dag. Sola skin frå skyfri himmel, eit lett snølag dekker bakken, det er vindstille og nokre få minusgrader. Det er reine påskestemninga i Ryfylke.

Aina Hovden Lunde syter for julegrøten på Ørnareiret.
Publisert: Publisert:

FOGN: Aina Hovden Lunde og 22 kollegaer i seksjon for Park og natur- Idrett og Utemiljø arrangerte torsdag i denne veka årerts siste seksjonsmøte på Ørnareiret på Fogn.

Dette er gjengen som har hatt ansvar og jobba med dagsturhytta gjennom heile prosessen, og som på mange måtar sett punktum for arbeidet. Fleire av dei opplevde hytta for fyrste gong.

Påskestemning midt i desember.

– Me er imponerte av plasseringa av hytta, utsikta og kor fint den riggar i terrenget. Til og med utedoen er fin, og rein, smiler Aina og held fram: Når det er sagt kjem me aldi utanom den imponerande innsatsen frå alle frivillige på øya som engasjerer seg i hytta, og det gode samarbeidet kommunen har med grendelaget.

Vel framme blei det servert julegrøt som sterke karar bar på ryggen.

– Den er godt inntulla i teppe og klede og er framleis varm.

Turen starta på ferjekaia via butikken og Peråsen, med retur via Erås og Robin Hood skogen.

Felicitas Heimann og Katarina Lutcherath

– Det er positivt at det er fleire rutealternativ til Ørnareiret, at ein slepp å gå fram og tilbake same veg, det gjer turen ekstra interessant, avsluttar Aina Hovden Lunde.

Publisert: