Søndag ettermiddag ser me ein kar med fiskestong på moloen ved fergekaien på Judaberg. Han kastar noko ut i sjøen igjen og igjen, før stonga plutseleg står i ein boge og han halar i land eit beist av ein fisk.

Fiskaren heiter Artem Koptegin.

– Familien min og eg kjem frå Ukraina. Me har budd på Talgje sidan slutten av desember i fjor, fortel han.

Det var i Noreg at han fiska for første gong, og det var her han fekk sin første fisk.

– Eg fiskar nesten kvar dag. Beste plassen er Talgje, men eg fiskar òg her på Finnøy og på Rennesøy. Eg har fiska på tre øyar, seier Artem.

Fisken han nett har fanga på Judaberg er ein torsk på to til tre kilo, etter det Øyposten kan sjå og gjette seg til. Artem finn eit bilete på telefonen av ein endå større torsk som han fekk for litt sidan.

Artems til nå største fisk, ein torsk på, skal me tippe fem kilo? Foto: Privat

– Eg fiskar frå land. Ein dag tok Magnar, han som eiger huset der eg bur, meg med ut i båt. Det var veldig bra, så tusen takk til han, seier Artem.

Artem går for tida på norskkurs, og han vil gjerne ha kontakt med folk som kan gi han språktrening. På fritida er han mykje ute i øynaturen:

– Å fiske er både interessant og nyttig. Eg brukar mykje tid på fysisk aktivitet utandørs. Fisk som eg fangar sjølv, er fantastisk og sunn mat.

Ved sidan av den allereie omtala fisken på moloen ligg ein liten sei. Fleire middagar dette, hala i land rett utanfor kjøkkenvinduet til Øypostens redaktør.