Vil du bli den nye leiaren på innbyggartorget?

Det er eit ledig årsvikariat som koordinator ved innbyggjartorget på Judaberg.

Innbyggartorget har blitt ein populær treffstad for finnøyfolk, ikkje minst etter at kafèen kom.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:

FINNØY: Denne annonsa ligg blant anna på innbyggartorget si facebookside.

Den som søker må ha lyst å vera med å forbetra og utvikla innbyggjartorget. Ser du moglegheiter og er kreativ i tilnærminga slik at innbyggartorget er eit knutepunkt for innbyggarane? Som innbyggjartorgkoordinator skal du tilretteleggja for at private, frivillige lag og organisasjonar og næringsliv skal kunne gjennomføra sine arrangement i torget sine lokale. Du skal gi gode råd og hjelpa til med gjennomføring av involveringsprosessar.

Kan du i tillegg tiltre snarast råd, kan du bli den nye koordinatoren på innbyggartorget.

Viktig jobb

– Me håpar at stillingsannonsa vil appelera til mange og at me får gode søkar-kandidatar. Jobben med å få opp aktiviteten på innbyggartorget er kjempeviktig, seier avdelingssjef for innbyggardialog, Maiken Saxeide Offerdal.

– At stillinga er eit eittårs vikariat, kan det skremma folk frå å søka?

– Det kan slå begge vegar. Nokon kan kanskje tykkja det er usikkert og avstår frå å søka av den grunn. Så kjem det an på om arbeidsgjevar er villig til å eventuelt gi permisjon. Dert er vanskeleg å sei. Eg veit ikkje kor mange som har søkt, men erfaringa er at dei aller fleste søknadne kjem dagen før fristen går ut, opplyser Saxeide Offerdal.

Annonsa blei lagt ut 11. mai og søknadsfristen er 25. mai

Vil du vita meir, sjekk kommunen sine heimesider; ledige stillinger.