Brødrene af Sand» sikrar vinterjobb for Ryfylke Trebåtbyggeri
Ryfylkejekta «Brødrene af Sand» er inne til 25 års helsesjekk på Ryfylke Trebåtbyggeri. Det er med å sikra jobb for båtbyggeriet på Finnøy i vinter.
FINNØY: Den 50 fot lange jekta er på slipp på trebåtbyggeriet på Finnøy. Nå skal den stolte skuta få 25 års helsesjekk.
Treverket er skrapa reint for maling, boltar skal takast ut og sjekkast og hamp blanda med tjøre skal drivast inn i skroget og tette henne. I mai reknar Torkel Tveiterå og Kjell Solheim, begge frå Jelsa, at skuta skal på sjøen igjen, nymåla og blenkjande vakker.
-Me har henne på slipp ei veke kvar år, men nå er det ein grundigare sjekk som skal gjerast, seier dei to.
Eigaren av Ryfylke Trebåtbyggeri, Jørn Flesjå er glad for oppdraget.
-Det er ei viktig oppdrag for oss som er med på å sikra oss arbeid gjennom vinteren, seier han.
«Brødrene af Sand» har vore på trebåtbyggeriet før, mellom anna for å skifta dekk.
-Me er veldig godt nøgde med arbeidet dei gjer her på Finnøy. Dessutan er det viktig for oss å støtta opp om trebåtbyggeriet og ta vare på kompetansen der. I tillegg ligg det lageleg til for å gjera ein del dugnad på skuta, seier Tveiterå og Solheim.
Boltane i kjølen skal sjekkast, og ny hamp skal drivast inn mellom borgangane. Dessutan skal palstøtta og klyverbommen skiftast ut. På arbeidsbenken ligg ein flott 8x8 firskoren furustokk klar som skal bli ny palstøtta, og ved sida av ligg klyverbommen, også den i furu.
Budsjettet er på rundt ein million kroner.
-Men, viss me hadde venta med den store sjekken kunne det fort kosta mykje meir. Dette er eit livsforlengande tiltak, seier Torkel Tveiterå og Kjell Solheim.
«Brødrene af Sand» er eigd av Ryfylkemuséet, og ligg vekselvis på Sand og på Jelsa. Om sommaren er det mest på Jelsa. Skuta er bygd i 1866 i Dokkskard i Vindafjord, og er ei av dei siste Ryfylkejektene som er bygde.
-Difor er ho vel verd å ta vare på. Til skilnad frå Hardangerjekter er denne litt rundare i forma, forklarer dei to.
Skuta gjekk mellom anna i Austersjøfart med sild, og har vore heimehøyrande både på Bru og på Rennesøy.
Då restaureringsarbeidet begynte på midten av 90-talet, var skuta ganske forfallen. Difor er det ikkje meir enn «nokre fliser» igjen av den opprinnelege skuta, pluss beslag.
Men etter restaureringa i Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund, har ho vore på reis både til Kristiansand, Oslo og Bodø. Det siste i samband med åpninga av Jektefartmuséet i Bodø.
-Me prøver å halda henne i same stand som då ho kom til Sand rundt 1905, opplyser Tveiterå og Solheim.
-Kvar kjem navnet frå?
-Det er mange skuter som har «brødre» i navnet. Det hadde også denne, og «af Sand» fekk ho då blei heimehøyrande der, forklarer dei to.