FINNØY: -Det kjem til å bli kjempemykje tungtrafikk på den smale vegen til Lauvsnes, kor det ikkje er gang- og sykkelveg, påpeikar Berit Hopland og Signy Bråtveit i Finnøy Høyre overfor Øyposten.

-Korleis kan kommunen krevja gang- og sykkelveg før det blir bustadbygging på Reilstad, mens det ikkje er krav om dette når det gjeld biogassanlegget på Lauvsnes, spør dei to Høyre-kvinnene seg.

Det var under under debatten om «Veikart for grøn energiomstilling på Finnøy» i kommunedelsutvalet tysdag, at Høyres Berit Hopland fremja forslaget. Her blir det mellom anna påpeika at vegnettet i Finnøy alt er «tungt belasta av mange tunge kjøretøy».

«Vi mener at rekkefølgekrav også bør gjelde for industriutbygging f.eks. biogassanlegg. Er veinettet i Finnøy dimensjonert for mer tungtransport? Mener vi at biogassanlegget ligger på rett plass? Høyre ønsker at alternative plasseringer bør vurderes», heiter det i forslaget frå Høyre.

Høyre i Finnøy stiller også spørsmål ved om biogassanlegget, som er tenkt plassert ved Lauvsnes gartneri, ligg på rette plassen.

-Det burde heller lege i eit industriområde, meiner dei.

I rapporten om grøn omstilling på Finnøy, kjem det også fram at Finnøy kan bli sjølvforsynt med fornybar energi frå gardsvindmøller, solseller og biogass.

-Me er ikkje mot grøn omstilling, men me stiller spørsmål om Finnøy vil ha 30–100 meter høge gardsvindmøller, når omtrent heile øya har skrive under mot kraftmastene som Lnett har planar om, seier Hopland og Bråtveit.

Kristian Spanne i Biogass Finnøy seier at plasseringa av anlegget er godkjent av Statens vegvesen, og det er også gitt dispensasjon for bygging i LNF-området.

-Vegvesenet har godkjent både på- og avkøyring til anlegget, opplyser Spanne.

Forslaget frå Høyres blei ikkje teke opp til avstemming, men fylgjer saka vidare som eit oversendelsesforslag.