Tor Øyvind Skeiseid og Svanhild Eggebø Spanne syng programmet i gang med ein heimesnikra song. Foto: Silje Talgø Klakegg

400 menneske hadde meldt seg på, frå dei ganske unge til dei mykje eldre, og stemninga stod til toppkarakter frå første augeblink.

Drøset dura gjennom fleirbrukshallen medan me venta på at showet skulle starte. Folk leita etter ein stad å sitje, Tor Øyvind Skeiseid sprang rundt i finstasen og freista å feste alle eventuelle lause trådar – om det i det heile tatt var nokon.

Publikum skulle få eit gjensyn med Gustava Kielland, Martin Luther og Hans Nielsen Hauge – blant andre. Med seg på scena hadde Skeiseid musikar Eric «Slim» Zahl og skodespelarar Svanhild Eggebø Spanne, Tolli Frestad, Silje Vignes Flesjå, Trygve Spanne, Leif Arild Steen og ikkje minst humorist Arne Nordbø.

Publikum fekk sjå utdrag frå historia om Ogmund Finnsson. Her ser du Tolli Frestad, Silje Vignes Flesjå og Tor Øyvind Skeiseid. Foto: Silje Talgø Klakegg

Ryfylke i fokus

Startnummeret var eit filmklipp frå Ryfylkepuls. Ryfylkepuls er Ryfylkealliansen sin storsatsing, som ifølgje dei sjølv, skal synleggjere moglegheiter og næringsliv i Ryfylke.

Ryfylkealliansen er ein paraplyorganisasjon som har 175 medlemmar, frå små festivalar til store organisasjonar. «Ryfylkealliansen har til oppgåve å fremja identitet, bulyst og verdiskaping i Ryfylke gjennom langsiktig merkevarebygging», står det å lese på nettsida deira.

Eit av medlemmene i Ryfylkealliansen, er Ryfylke Livsgnist, eit anna er Tomatfestivalen. For mange ville fram til i fjor sett eit likskapsteikn mellom Livsgnisten og Tomatfestivalen.

Men Ryfylke Livsgnist og Tomatfestivalen er ikkje det same. Dei er like gamle, og fram til i år var det alltid Ryfylke Livsgnist som arrangerte Tomatfestivalen.

– Kva ville me vore utan Tomatfestivalen, spør Silje Vignes Flesjå frå scena.

– Me ville vore meir populære heime, svarar Tor Øyvind Skeiseid.

Tid og krefter

Tomatfestivalen tok tid og krefter, men gav stort grunnlag for vekst hjå Ryfylke Livsgnist dei første åra. I ettertid har dei drive med mykje forskjellig. Det var dette dei ville vise fram i første del av bursdagsfeiringa.

Denne kvelden var Ryfylke midtpunktet. Publikum fekk sjå eit utval av prosjekta som Ryfylke Livsgnist har drive med dei siste 20 åra. Det var historiske hendingar, frå framveksten av det religiøse preget i Ryfylke til andre verdskrig på Finnøy. Arne Nordbø stikk seg fram innimellom og krydrar showet med litt spesielle betraktningar frå den eldre humoristen.

– Det er dette Ryfylke Livsgnist driv med, seier Tor Øyvind Skeiseid frå scenen.

– Me er nysgjerrige. Me lurar på kva som har skjedd, kvifor ting blei som dei blei og korleis var det her før? Kva førte dei historiske hendingane til?

I pausen var det rom for å prøve ulike aktivitetar som blei brukt til dømes i Ryfylkespelet. Foto: Silje Talgø Klakegg

Historie er spennande

Skeiseid legg til at han meiner at historie er spennande.

– I Ryfylke Livsgnist elskar me å leike oss med historie, kultur, mat og musikk.

Dette ber showet «Best of Livsgnist» preg av. Songfuglen Svanhild Eggebø Spanne løftar opplevinga fleire hakk med vakre vokalprestasjonar.

Opningsmelodien er ei sjølvsnikra duett mellom Skeiseid og Eggebø Spanne. Denne gir ein spøkefull pangstart på bursdagsfeiringa, medan «Du kjære hytte, mitt fjerne heim» som eigentleg var eit brev skrive heim til Finnøy frå ein emigrant til Amerika, tonesett av Gunhild Vignes, gav publikum kjensla av du ikkje kan ta Ryfylke ut or ein som har budd her.

Tyskarane som kom til Finnøy under andre verdskrig. Trygve Spanne, Tolli Frestad og Leif Arild Steen. Foto: Silje Talgø Klakegg

Tyskarar på Finnøy

Tyskarane entra lokala med eit smell, og Skeiseid beskriv korleis dei blandar fakta med litt fiksjon for å gjere historiene underhaldande og morosame. Dette gjer gjengen med stil, Tolli Frestad som ein litt dum tysk soldat, og Leif Arild Steen som ein enda dummare variant som held Frestad litt i øyra i møtet med Trygve Spanne som sjef for tyskarane på Finnøy.

– Me likar litt overraskande vendingar, fortel Skeiseid i det dei som i løpet av åra har gitt seg i Ryfylke Livsgnist seiar takk for seg og forlèt scena.

I pausen var det leik og aktivitet, mat frå Ryfylkekokken og gongkaker frå Aud og Marit Vignes. Det var fri flyt av eplemost frå Helgøy og tomatar frå Lauvsnes Gartneri.

I andre del gav Kåre Vignes eit skråblikk på Ryfylke Livsgnist, og det blei fortald om Finnøy Kristelege Ungdomslag sine aktivitetar.

Rundt 400 personar hadde tatt turen til Finnøy Fleirbrukshall for å feire Ryfylke Livsgnist sine første 20 år. Foto: Silje Talgø Klakegg