Biskopen kjem på besøk til Finnøy i haust

Biskop Anne Lise Ådnøy kjem på visitas til Finnøy i haust. Det er åtte år sidan Finnøy sist hadde besøk av biskopen, dåverande biskop Erling Pettersen.

Biskop Anne Lise Ådnøy kjem på visitas.
Publisert:

FINNØY: Andre veka i november, veke 45, kjem Stavangers første kvinneleg biskop, Anne Lise Ådnøy på visitas til Finnøy. Besøket går over fleire dagar.

– Eg veit ikkje så mykje meir ennå, me fekk beskjeden i juni. Det har vore møte med prost, sokneprestar, bispekontoret og dagleg leiar om kva visitas er og kva programmet må innehalda. Prestane jobbar med ein førehandsmelding og eg jobbar med eit forslag til program. Dette gjer me i nært samarbeid med prosten, opplyser dagleg leiar i kyrkjekontoret, Heidi Bø Sangedal til Øyposten.

Sokneråda i Finnøy skal få informasjonen om visitasen i sine møter i september.

– Det som i alle fall er klart er at biskopen og følgjet hennar skal møte alle sokneråda i eit fellesmøte, samt staben på kyrkjekontoret. Kva det blir utover dette veit me ikkje ennå, men det er sett av fleire dagar til besøket så det skal skje ein god del ting, ja, seier Bø Sangedal.