Vaskar Finnfast. Rekn med ventetid
Frå onsdag til fredag blir Finnøytunnelen vaska.
Onsdag morgon starta arbeidet med å vaske tunnelen mellom Finnøy og Rennesøy. Dermed er det berre trafikk i ein køyreretning om gongen.
– Det er ledebilkøyring. Folk må rekne med opp til eit kvarters ventetid, seier trafikkoperatør Tom Erik Englaugstad i vegtrafikksentralen til Øyposten.
Arbeidet pågår slik:
Onsdag: Klokka 7 til 19
Torsdag: Klokka 7 til 19
Fredag: Klokka 7 til 12