Utsetter omstridt flytebrygge etter innlegg frå Pia

Utval for by- og samfunnsutvikling etterlyser meir fakta før dei tek stilling til klage på dispensasjon for flytebrygge på Fogn.

Pia Myrvold med kart over Sæbøvågen til høgre der Myrvold har teikna inn merknader til Magnar Sandangers planlagde flytebrygge.
Publisert:

Grunneigar Magnar Sandanger fekk 16. mars dispensasjon frå reguleringsplanen til å bygge ei flytebrygge med 24 båtplassar midt ut i Sæbøvågen på Fogn.

Nabo og kunstnar Pia Myrvold, som har naustrettigheit på Sandangers eigedom, har klaga og torsdag fekk ho halde eit 15 minuttar langt innlegg i Stavanger kommunes utval for by- og samfunnsutvikling.

– Ei flytebrygge er ein grotesk ting midt i det feltet som er så vakkert og som heller ikkje er regulert til flytebrygge, sa Myrvold.

Må klargjere jussen

Utvalsleiar Frode Myrhol (FP) sa før Myrvolds innlegg at utvalet rutinemessig vil vente til neste møte med å behandle Myrvolds klage. Kommunedirektørens innstilling var å avvise klagen og sende den vidare til Statsforvaltaren i Rogaland.

Myrvold la fram eit 33 sider langt notat der ho kjem med ei rad kritiske merknader. Ho viser til manglande utgreiing av konsekvensar og at flytebrygga vil øydelegge for fleire som har interesser i Sæbøvågen. Sjølv har ho ein naustrett og har eigne planar om å lage eit heilårs dampbad, kom det fram.

Politikarane ba om at kommunedirektøren til neste møte greier meir ut om dei juridiske rettane som faktisk gjeld rundt Sæbøvågen.

– Det er mange løgne reglar på sjø som ikkje gjeld på land. Eige du ein strandeigedom, så eige du bare så langt som ein hest kan vasse, sa Leif Arne Moi Nilsen frå Frp i ein kommentar.

– Denne saka syns eg er ganske graverande. Dette er eit omfattande tiltak i ein våg som er veldig grunn, la han til.

Spark til Egeland

Myrvold kom i innlegget sitt med eit spark til Jarl Endre Egeland, som sit i kommunestyret for Høgre og som sjølv har eigarinteresse på vestsida av Sæbøvågen. Myrvold meinte det var påfallande at Egeland først klaga på flytebrygga til Magnar Sandanger, men at han så trekte klagen då dei sjølv ville bygge ei flytebrygge.

Øyposten har prata med Egeland som avviser påstanden.

– Sandanger søkte først om ei mykje større flytebrygge. Då han søkte for andre gong var tiltaket vesentleg moderert, og då hadde me ikkje lenger nokon sakleg grunn til å vere imot, seier Egeland.

Eigedomen på vestsida litt ut i Sæbøvågen er eigd av Inger Marie Egeland, mor til Jarl Endre. Magnar Sandanger eig strandlina inst i vågen og på austsida.

Kart over Sæbøvågen der Magnar Sandagers eigedom er markert med gult.

Ny runde i utvalet

Sæbøvågen er regulert til småbåthavn. Då eit fleirtal i by- og samfunnsutviklingsutvalet i mars gjekk inn for å gi dispensasjon til ei flytebrygge, var det, etter det Øyposten skjønar, ut frå ein tanke om at det er betre å fortette enn å utvikle heilt nye båtanlegg.

Nå blir det altså ei ny runde i utvalet, sannsynlegvis om 14 dagar, der politikarane skal sjå grundigare på klagen frå Pia Myrvold.

I notatet viser Myrvold til at det òg er andre enn båtfolk som har interesser i Sæbøvågen. Heilt til slutt i notatet står det: «Hva er verdien av en svanefamilie? Hvem skal tale deres sak?»

Les også

Pia Myrvold trugar med å flytta frå Fogn

Kart som viser Sæbøvågen: