– Mitt mål for 2024 er at me saman tar eit krafttak for dei mange som opplever einsemd og utanforskap, sa ordførar Sissel Knutsen Hegdal i nyttårstalen som blei lagt ut på YouTube 1. nyttårsdag klokka 11.00.

– La oss saman skape eit berekraftig Stavanger. Økonomisk berekraftig gjennom at fleire kjem i arbeid og fleire jobbar lengre før dei går av med pensjon. Sosialt berekraftig med at me bevarer tillit og små forskjellar mellom folk, sa ho vidare.

Samtidig med å vere leiande i energiomstillinga, er Stavanger ein levande landbruks- og havbrukskommune, trakk ordføraren fram. I tillegg til byen har Stavanger eit fantastisk øyrike, sa ho.

Sjå heile den 2 minuttar og 24 sekund lange talen øvst i saka.