Ein veteran trer av
Ottar Sandanger pensjonerer seg frå politikken etter titals år som folkevald.
Han er kjend for sin kjappe replikk og for sitt engasjement for lokalsamfunnet. Når Sandanger no trer ut av politikken, trer han ikkje samstundes ut av engasjementet sitt.
– Eg har drive aktivt med kommunepolitikk sidan 1987, så no kjende eg at det var på tide å gje seg. Eg er jo trass alt blitt 71 år, fortel han Øyposten.
Sandanger har ei variert lokalpolitisk karriere bak seg og kan bland anna vise til ein periode som varaordførar i gamle Finnøy kommune.
– Det er klart at det har tatt mykje tid, seier han, og legg vekt på at det var litt enklare å halde oversikta i den gamle kommunen.
Stavanger er ein stor kommune med sterke fagmiljø, men han har alltid gjort flid i å lese og sette seg skikkeleg inn i sakene han har fått lov til å vere med å stemme over.
Framleis engasjert
Sandanger pensjonerer seg ikkje frå engasjementet, sjølv om han ikkje kjem til å vere direkte involvert i politiske prosessar i framtida.
– Eg freistar å nytte meir tid i andre organisasjonar no, seier han. Kan hende vil eg vere meir aktiv i eldrerørsla, og eg blei i vår vald inn i styret til mållaget. Det er nok av saker å engasjere seg i, trass i at eg ikkje ønskjer å binde meg til fire nye år i styrande organer. Det er ei tid for alt.
Han legg ikkje skjul på at han kjem til å sakne politikken litt.
– Samstundes opnar det seg andre moglegheiter. Eg skal nok finne noko å drive på med.
Vonar andre held fram
Hjartesaka til Ottar Sandanger har vore dei levande bygdene.
– Det er nok hytter no, seier han.
– Vi treng fastbuande. Vi treng barnefamiliar som vil våge å busetje seg ute på øyane våre, og vi treng politikarar som vil arbeide for å leggje til rette for at dette skal vere mogleg å få til. Det nyttar ikkje å byggje eit lokalsamfunn som berre skal ha aktivitet i helgene og nokre veker kvar sommar.
Han fortel òg at dette med samferdsel er viktig. Stavanger kommune har fått på plass mykje allereie, men alt vi har, kan takast frå oss. Han trur at politikarane som kjem etter han, vil få ein jobb med å halde fast ved ferje- og hurtigbåtfrekvensen.
– Eg brenn òg for dei universelle ordningane, som gratis kollektivtilbod og gratis skulemat er. Desse bør vi ta vare på, seier han.
Fogn Arbeidarparti
Heller ikkje fognabu Jon Olav Runestad i Arbeidarpartiet held fram.
– Eg tok ikkje attval i 2019, men sa ja då eg trass i dette blei beden om å ta jobben som nestleiar i Finnøy kommunedelsutval, seier Runestad til Øyposten.
Jon Olav Runestad og Ottar Sandanger har i mange år utgjort duoen «Fogn Arbeiderparti», med nokre innslag frå andre øyer. Dei har halde stand høgt i lokale styreorganer sjølv om Finnøy aldri var ein typisk Arbeiderparti-kommune.
Dei skulle skiljast sist periode, men utsette dette til valet 2023.
No skal Runestad konsentrere seg om drifta av tomatdrivhuset han har på Fogn, og kan hende vil han engasjere seg att når anledninga og motivasjonen kjem. Det får tida vise.