Foreldre i Talgje barnehage er mest fornøyd av alle i Rogaland

Av barnehagane i 21 kommunar i Rogaland, er foreldra til borna i barnehagen på Talgje dei aller mest nøgde.

Dei har all grunn til å feira: Framme t.v.: Erliza Vik, Anna Bartosewicz og Maren Koch Giljebrekke. Bak f.v.: Oddny Elin Austbø og Tone Vignes Holen.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:

Det viser resultata frå den årlege foreldrundersøkinga laga av Utdanningsforbundet, som kom i sist veke.

Alle foreldra svara

Det gode resultatet blei feira med kaker og kaffi fredag ettermiddag.

– Me fekk tilgang på undersøkinga før den blei offentleggjort, så me visste at me låg godt an. Men me visste jo ingenting om dei andre barnehagane. Det er kjempekjekt og me er sjølvsagt svært glade og stolte, spesielt sidan me ikkje var like happy i fjor. Sjølv om me aldri opplevde foreldra som mindre nøgde då enn no. Det var litt merkeleg det, seier avdelingsleiar i barnehagen Tone Vignes Holen.

Glade ungar, glade foreldre: F.v. Olav Meling, Anne- Hilde Meling, Kristiana Kalleland og Marte Gard Ullenes.

Foreldra svarer på ei rekke spørsmål om barnehagen. Svara gir uttrykk for kor nøgde dei er. 98 prosent av alle foreldra på Talgje svarte på undersøkinga.

God kommunikasjon

– Det er mange ting som klaffar her på huset. Som foreldrerepresentant ser eg kva arbeid dei tilsette legg ned, kvar dag. Eg trur dei viktigaster suksessfaktorane er at gruppene er små og oversiktlege, at borna er trygge, og kjenner dei vaksne. På motsett side kjenner dei vaksne kvart enkelt barn og veit om ulike behov. Dei tilsette har god kommunikasjon med foreldra blant anna via ei eigen messengergruppe. I tillegg er bygget funksjonelt, ungane får boltra seg i ein stor gymsal og me har fint uteareal, fortel SU-prepresentant Maren Koch Giljebrekke.

– At Helene trivst er det beste teikn på at barnehagen er god, seier John Gard.

Totalt er det 16 born, store og små i ei gruppe. Når det trengst blir borna delt i mindre grupper.

Filippa Ydstebø koser seg med sjokoladekake.

– Eg trur det er noko bra med å ha større og mindre born saman. Dei store lærer empati ved å ta omsyn og læra å forstå dei små. Alle blir meir robuste.

– Er det noko spesielt de gjer her i barnehagen?

– Me er opptekne av å sjå kvart enklet barn som alle har forskjellige behov. Me har trygge, varme og omsorgsfulle vaksne, men som og sett grenser. Å få ei slik utmerking forpliktar, me skal ikkje kvila på laurbæra, men fortsetta det gode arbeidet. Me skal jobba vidare med foreldreundersøkinga og sjå om det er ting me kan bli endå betre på, fortel Holen.

Ikkje overraska

– Kva tenker de som er foreldre om undersøkinga?

– Me har alltid vore godt nøgde difor er me heller ikkje overraska over resultatet. Samarbeidet mellom heimane og barnehagen fungerer kjempegodt. Dei tilsette kjenner kvart barn, og veit kva dei treng, seier Anne Hilde Flatland Meling og Kristina Kalleland.

Tre lukkelege ungar: F.v.: Frida Ullenes, Kornelius Koch Giljebrekke og Ingebjørg Flatland Meling.

– At Helene har det kjekt og trivst i barnehagen, er det beste skussmålet me kan få, seier John Gard.

Ikkje alle barnehagane i alle kommunane er med i undersøkinga. Det er frivillig, både for kommunar og for barnehagar. Mange ser til foreldreundersøkinga når dei vurderer kva for barnehage dei skal søka på.

Publisert: