Gode reidskapar må til når du skal poda eller okulera

Olav Folkvord brukar ein sylkvass, tyskprodusert kniv med egg bare på eine sida og ei god sveitsisk rosesaks når han skal poda.

Tysk kvalitetskniv og sveitsisk rosesaks er viktige reidskapar når Olav Folkvord skal poda.
Publisert: Publisert:
Gartnar Olav Folkvord med «podebenken». -Det nyttar ikkje å kryssa sebra og elefant, åtvarar han.

SANDNES: Olav Folkvord har mange, mange års erfaring i å driva planteskule i Sandnes. Nå går det mest i salg til entreprenørar og kommunar. Men Folkvord Planter har fortsatt nettbutikk, og er du til dømes på jakt etter eit fint, stort tre, er det godt mulig at du finn det her.

Folkvord har også gode kunnskapar om poding, og viser gjerne Øyposten oppskrifta på ei vellluka poding og okkulering.

-Det nyttar ikkje å kombinera sebra og elefant, smiler Olav Folkvord. Med det meiner han at den rota du skal poda på må vera i slekt med den kvisten du skal poda.

Kan ikkje kryssa sebra og elefant

Ei god rot er viktig, slik som denne.

Villplomme, også kalla omboplomme går fint på plommekvister, og eple og pære kan gå på rogn.

Viss du skal poda anbefalar Folkvord å klyppa kvistene i månadsskifte januar-februar, og oppbevara dei i ein plastpose med ei fuktig avis i kjøleskapet. Det er for at ikkje kvistene skal koma for langt i forhold til rota du skal poda på.

-Det er ein fordel med ei god rot når du skal poda. Spa gjerne opp rota om hausten og set henne i ei romsleg potte. Der kan ho godt stå eit år for å få utvikla seg, seier han.

Slik skal du snitta morplanta og podekvisten.

Tysk og sveitsisk utstyr

Men det er også mulig å få kjøpt morplanter som du kan poda på.

-Det er kanskje det enklaste, seier Olav Folkvord.

Når podekvisten og rotplanta er på plass og kalenderen viser mars, er det tid for å gå i gang. Men det er viktig at også rota er komen i gang, og viser små, kvite rotspissar.

-Då veit du at sevja vil kome opp slik at ho klarer å forsyna kvisten med det same, seier Folkvord.

Olav Folkvord skjer eit 3–4 cm langt snitt i lengderetninga i morplanta, slik at to tredjedeler av stammen er igjen. Han brukar ein tysk kvalitetskniv av typen «Tina». Den har egg på eine sida, og er flat på den andre. Dermed får han eit fint snitt.

Etterpå må sårflatene forseglast med podevoks. Elektrikartape går også, til nød.

Kirurgar må ha det reint

Så tek han kvisten som skal podast på og reingjer den grundig.

-Det er ein stor fordel når du skal vera kirurg at alt er reint, smiler han.

Etterpå klypper han podekvisten av slik at det er to eller tre knuppar igjen, og lagar han eit snitt i lengderetninga som endar i null i enden av kvisten. Deretter bind han dei to kvistene i saman over sårflatene med strikk og til slutt penslar han over med podevoks slik at det blir hermetisk tett og podekvisten ikkje tørkar ut.

-Det er viktig å presisera at sevjelaga på begge kvistane må treffa kvarandre for at podinga skal bli vellukka, understrekar Olav Folkvord.

Viss du skal okulera skjer du ut ein knopp.

Platpose over

Nå er det tid for å «jordslå» morplanta og podekvisten. Det gjer han gjerne i ei romsleg kasse med mold og med plass til fleire podekvister. Dei poda plante får ein pose over seg som ein ekstra sikkerhet mot uttørking, og han let dei stå inne til juni før han set dei ut.

-Når det er blad som museøyrer tek eg av plastposen. Då er podinga grodd saman og det nye treet treng meir plass. Då plantar eg den om i potter. Det vil alltid vera nokre villskot som kjem frå rota, og dei må fjernast samtidig med pottinga. Eg sjekkar også at det er nye, kvite røter som kan ta opp næring og vatn, opplyser han.

-Korleis går du fram viss du skal okkulera?

Det må lagast eit t-snitt i barken, kor knoppen blir sett inn.

Okulering går fortare

-Det er ein enklare metode. Då skjer du av ein knopp, lagar eit t-snitt i morplanta og stikk knoppen under barken. Så surrar du han godt til med strikk, men ikkje over knoppen. Med denne metoden slepp du podevoks, og heile prosessen går raskare, seier han.

Etter at knoppen begynner å utvikla seg klypper han gradvis av morplanta ned mot knuppen til det er ca fem centimeter igjen.

Olav Folkvord presiserer at det bare er på ettersommaren og hausten du kan okulera. Då går sevja i stammen, slik at barken løyser seg lett.

-Det er nemleg sevja som forsyner knoppen med fuktighet til knoppen og stammen har grodd saman, seier Folkvord.

Etterpå blir knoppen surra godt fast med strikk, men ikkje over sjølve knoppen.