3500 har søkt om støtte til varmepumpe

Då kommunen opna opp for å søka om støtte til varmepumpe 5. oktober, kom det inn 1100 søknadar i løpet av dei tre fyrste timane.

Rådgjevar i klima og miljøavdelinga i kommunen, Gabiele Brennhaugen er ikkje overraska over dei høge søkartala. – Straumprisane er «alle» opptekne av.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:

Enno er det seks dagar til søknadsfristen går ut den 25. oktober.

– Eg er ikkje overraska over dei høge søkartala. Me såg frå sist søknadsrunde i sommar at interessa var svært stor. Straumprisane har ikkje blitt lågare sidan i sommar, så det er tydleg at tiltaket treff eit stort behov, seier rådgjevar i klima og miljøavdelinga, Gabiele Brennhaugen til Øyposten.

Loddtrekking

Kommunen har løyva 10 millionar kroner til dette prosjektet.

Det ikkje først-til-mølla-prinsippet som gjeld ved tildeling av støtte. Kommunen har pengar til 1550 husstandar, dermed blir det loddtrekking som avgjer kven som skal få støtte.

Seinare i år skal kommunen føreta ein tredje runde med sponsing av varmepumper.

– Det stemmer. Den førre runden og den som er i gong no, er begge allmenne ordningar, som alle kan søka på. Men den som er planlagt seinare i haust er ei øyremerkja|øyremerkte|øyremerkt ordning, kor søkarane vil bli behandla individuelt. Politikarane i Utval for miljø og utbygging vedtok i september at innbyggjarar med låg inntekt skal kunne søka frå ein eigen pott, og no er velferd- og sosialavdelinga i gang med å laga eit system for det, seier Gabiele Brennhaugen.