-Fullskala Øyfast er ikkje mulig å realisera
Ap-politikar Jon Olav Runestad meiner det må tenkjast nytt om Øyfast, for eit fullskala Øyfast er ikkje mulig å realisera, meiner han.
FOGN: Runestad har lenge vore sentral i arbeidet for Øyfast, men nå meiner han at ei utbygging som vil gjera alle øyane i Finnøy kommunedel landfaste ikkje lenger er mulig.
Mellom anna peikar han på stigande rente, kraftig auke i byggekostnader og nye og strengare krav til tunnelar.
Må ikkje kasta blår i augene
-Eg vil ikkje kasta blår i augene på folk, ei fullskala utbygging av Øyfast er ikkje mulig å realisera. Bompengegrunnlaget blir alt for lite og ferjeavløysningsmidler strekk ikkje til. Dei politiske signala frå Rogaland Fylke og Stavanger kommune er også svært lunkne, dessutan er prosjektet i dag korkje inne i regional eller nasjonal transportplan, seier Runestad til Øyposten.
Han gjer seg desse tankane etter at Bjørn Alsaker, pensjonert sjefsingeniør frå Statens vegvesen la fram heile 11 alternativ for Øyfast nyleg.
-Kvifor har du endra meining om Øyfast?
Gratis ferje
-Som lokalpolitikarar har me ikkje klart å laga eit godt nok folkeleg engasjement for prosjektet. Det kan væra fleire grunnar til dette, men folk har lett til å sjå seg blinde på det som me er blitt vane med. Me har eit godt, og nå også gratis ferjetibud, og mange fryktar også for konsekvensar for hurtigbåtdrift med eit Øyfast. På ein måte er det gode i dag blitt ein fiende mot det beste i framtida, meiner Ap-politikaren frå Fogn, som understrekar at dette er hans eigne tankar.
Han synes også det er uforståeleg at det ikkje er meir trøkk frå næringslivet for å få 24 timar åpen veg.
-Den regionale næringsforreningen, og dei lokale bondelaga er passive, men det mest skuffane er at Grieg Seafood med Stjernelaks ikkje kjenner si besøkelesetid for å påvirka saka i det offentlige rom, meiner Jon Olav Runestad.
-Eg har ikkje drøfta dette med dei andre eldsjelene bak Øyfast, legg han til.
-Kva blir vegen vidare med dette i bakhovudet?
-Eg trur at med nå må setja oss saman og laga ein mulighetstudie om framtidig samferdsel for øyane. Finst det muligheter for å bygge ut mindre etappar av prosjektet, kan det brukas fleire fyllingar i sjø og kan dette kombinarast med alternative ferjeløysingar.
Ferjedrifta kostar 250.000 per dag
-Mitt skrekkscenario er at framtidig drift av ferjer blir så dyrt for samfunnet at det kan det enda opp med færre anløp for å redusera kostnadar
Det kostar i dag om lag 250.000 kroner pr. dag for å drifta det ferjetilbudet me har i dag. Slik sette føles det litt meiningslaust å ikkje erstatte desse evigvarande kostnadane med fast vegnett, som på sikt ville utvikla øyane positivt.
Eg likar ikkje å framstå som pessimist, men dette er mi opprektige meining, understrekar Jon Olav Runestad.
-Blir ikkje det å setja øyane opp mot kvarandre?
-Det gode med Øyfast var at det samla alle øyane om ei felles retning. Viss me heller går for å byggja ut prosjektet bit for bit, er det duka for at særinteresser og lokalpatriotisme kan setja oss tilbake i tid. Det er ei utfordring som me må møta konstruktivt i staden for å misunna kvarandre, seier Jon Olav Runestad.