Båt på rek mellom Rennesøy og Finnøy
Natt til søndag blei Hovedredningssentralen kopla på for å sjekke ut ein båt utan folk utanfor Hanasand.
Klokka 00.56 natt til søndag fekk politiet varsel frå MF Boknafjord om ein 14 fot lang båt på rek utanfor Hanasand ferjekai.
– Hovedredningssentralen blei kopla på i tilfelle det kunne vere menneske med i bildet, seier politikontakt Svend Erik Ellingsen:
– Det viste seg at fortøyinga til båten var kutta. Kva som har skjedd, er uvisst, men me har vore i kontakt med eigaren, ein frå Rennesøy.
Søndag kveld i 20-tida stoppa ein ATV i Mastrafjordtunnelen. Køyretøyet blei raskt tatt hand om av bilbergar.
Elles har ikkje politiet meir å melde om frå Finnøy og Rennesøy i helga.
Kart som viser Hanasand ferjekai: