Hurtigbåten «Fjordrott» på veg inn til kai på Judaberg i ettermiddag. Dette er kjempegode hurtigbåtar, meiner Tomas Nesheim.

FINNØY

: Ryfylkeaksjonen 2020 var fredag i møte med den nye leiaren av samferdselsutvalet i fylket, Ole Ueland om dette. Medlem av aksjonsgruppa, Tomas Nesheim, seier til Øyposten at ei elektrifisering av hurtigbåttilbudet nå er alt for tidleg.,

-Det er eigentleg det som nå ligg i fylket sitt vedtak om utlysing av nytt anbud frå 2024. Men det er heil urealistisk, det er per i dag ikkje mulig å lada hurtigbåtar på Judaberg, og det kjem minst til å ta 10 år før det kan skje, legg Nesheim til.

Tomas Nesheim er sentral i Ryfylkeaksjonen2020. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Aksjonsgruppa er også betenkt over at elektriske hurtigbåtar går mykje seinare enn dei dieseldrivne hurtigbåtane som i dag trafikkerer fjordane i Ryfylke.

-Den elektriske hurtigbåten "Medstraum", som skal setjast inn på Hommersåk-ruta, går eit par og tjue knop, mot 28 knop som er hastigheten på dei hurtigbåtane me har i dag. Viss dette blir løysinga, vil me vita kva betydning det har for frekvens og rutetilbud, seier Tomas Nesheim.

I staden vil hurtigbåtaksjonen at det i anbudet som skal lysast ut, blir krav om mest mulig energieffektive båtar. Dermed blir det opp til selskapa korleis dette skal løysast.

-Det er også slik at dei hurtigbåtane me har i dag er kjempegode, og nok ikkje blir hogne opp viss dei blir tatt ut av rutene i Ryfylke. Då vil dei sannsynlegvis havna i utlandet, og resultatet når det gjeld miljø blir akkurat det same, meiner Tomas Nesheim.

Ole Ueland (h) er ny leiar av samferdselsutvalet i fylket. Foto: FOTO: Høyre

Ole Ueland seier han står på vedtaket som blei gjort i fylket før jul, men legg til at hurtigbåtaksjonen har kome med gode innspel som vil bli tatt med vidare.

-Men det er også slik at Staten har stilt krav om null-utslepp, og har som mål om å redusera utsleppa i transportsektoren. Det blir opp til tilbydarane i den nye runden korleis dette skal løysast, men me vil be Kolumbus sjå på innvendingane, mellom anna dette med kapasiteten for lading på Judaberg, seier Ole Ueland.

Fylket har også gått bort frå planen om å lysa ut ein kortsiktig kontrakt for hurtigbåtane på tre år, pluss mulighet for to år til, noko som ville gjort det lettare å imøtekoma kravet frå hurtigbåtaksjonen.

-Me har fått tilbakemelding frå miljømyndighetene om at det er for kort tid til å kunna planleggja for null-utslepp. Difor blir kontrakten lyst ut på 10 år pluss opsjon på to til, som er det vanlege, opplyser Ueland.