Bubilparkeringa på moloen i Vikevåg. (Foto: Rune Nedrebø)

STAVANGER:

I ein gjennomgang av tilbudet til bubilturistane i kommune gir kommunedirektøren ein positiv omtale av bubilparkeringa på moloen til båthavna i Vikevåg.,

"Bobilparkeringen og båthavnen er til stor fordel for næringslivet på Vikevåg, og turister handler på de lokale butikkene", skriv direktøren mellom anna i ei oprientering til Stavanger-politikarane.

Det blei i 2020 tilrettelagt for 6 parkeringsplassar på moloen til Vikevåg båtforening, og etterspørselen etter plassar er stor. Vikevåg båtforening er i dialog med administrasjonen i kommunen om ei eventuell utviding av bubilparkeringa.

Om bubilparkeringa hos Sjøberg Ferie i Østhusvik heiter det at det er tilrettelagt  for 12 parkeringsplassar for bubilar som har behov for straum og 20 parkeringsplassar til dei som ikkje treng straum.

"Det er også bygget en lekeplass ikke langt fra parkeringen samt en gapahuk hvor gjestene kan kose seg om sommerkveldene. Det er lagt opp med alle nødvendige fasiliteter. Etterspørselen er stor, og det er fullt belegg hver helg i sommerhalvåret", skriv direktøren, som har registrert eit aukande behov for permanente og sentrumsnære parkeringsplassar for bubilar i Stavanger. Det kan igjen gi eit positivt bidrag til byen, handelsstanden og turismen, heiter det.

Østhusvik:

Vikevåg: